Arkiv: Lokalitetar

  • Børekletten

    Børekletten

    Børekletten er ein avrunda, kuleforma fjelltopp bygd opp av konglomerat. Ved foten ligg bergarten i kontakt med Solund–Stavfjord-ofiolittkomplekset, som representerer gammal havbotnsskorpe. Børekletten er ein av tre liknande høgder som ligg langs grensa til denne gamle havbotnsskorpa. Under den siste istida vart ofiolitten erodert og danna den karakteristiske strandflata langs kysten. Spor etter bølgjeerosjon kan…

  • Melværrånen

    Melværrånen

    Denne hyggelege rundturen på om lag 2,5 km tek deg gjennom fleire ulike bergartar. Turen går frå konglomerat og vidare gjennom breksjer med fragment, hovudsakleg av grønskifer og grønstein, som stammar frå ein såkalla ofiolitt. Ein ofiolitt er delar av djuphavsskorpa som seinare har blitt pressa opp på land. Breksje og konglomerat kan sjå nokså…

  • Melvær

    Melvær

    Langs geologistien mellom Værlandet og Bulandet ligg ein einsleg flyttblokk. Blokka består av grønskifer og kviler på devonkonglomerat. Den runde og glatte forma viser at steinen har blitt transportert langt av innlandsisen mot slutten av den siste istida. Då isen smelta, vart blokka liggjande att her – langt frå staden der bergarten opphavleg vart danna.

  • Gjørøylykta

    Gjørøylykta

    Gjørøylykta byr på ein koseleg og lett tur som passar for både store og små. Følg stien ut mot fyret, der du kan nyte utsikta over havet og det opne kystlandskapet. For dei som vil oppleve naturkreftene endå nærare, er ein tur vidare til Kamskjelet vel verdt det. Dette er ein unik pauseplass forma som…

  • Bulandet skule

    Bulandet skule

    Ved Bulandet skule ligg ein bergvegg langs fotballbana der ein kan studere konglomerat i tre dimensjonar. Her ser ein tydeleg rullesteinar og lag i berget. Dette gir eit godt innblikk i korleis desse bergartane vart danna då elvar for lenge sidan førte med seg stein og grus og avsette dei i landskapet.

  • Halsenøyhaugen

    Halsenøyhaugen

    Halsenøyhaugen er ein del av den opphavlege geologistien på Værlandet og Bulandet. Turen er kort og lett, og passar godt for både store og små. Følg den merka stien frå vegen opp til toppen av Halsenøyhaugen. Frå toppen får ein flott utsikt over den karakteristiske strandflata langs kysten. På klare dagar kan ein også skimte…