Organisering
Fjordkysten regional- og geopark er ein medlemsstyrt organisasjon der medlemene kan vere privatpersonar, lag/organisasjonar, bedrifter, kommunar og fylkeskommunen. Per dags dato har Fjordkysten meir enn 70 medlemmar. Klikk her for meir informasjon om å bli medlem.
Laget si organisering består av eit styre, arbeidsutval, fagleg råd, årleg parkmøte.
Styret er det organet som er ansvarleg for dei langsiktige parkstrategiane. Kvart år skal det arrangerast eit «parkmøte» der alle medlemmane og andre interesserte samlast for å gjennomføre årsmøte, få informasjon om parkens gjeremål og planar og for å sette fokus på viktige parktema. Gjeldande styre vart vald på parkmøte 28. mars 2023.