Kva er park?

Kva er ein UNESCO Global Geopark?

Ein UNESCO Global Geopark er eit geografisk avgrensa område med ein særleg geologisk arv – der bergrunnen fortel historia om jorda gjennom millionar av år. UNESCO-statusen er ei internasjonal anerkjenning av at det geologiske mangfaldet er bevart, formidla og integrert i ei berekraftig utvikling.

Men geologi er aldri berre stein. Det er òg kulturlandskapet som har vakse fram av berggrunnen – buplassar, fiskevær, kvernsteinsbrot, ferdselsårer langs kysten. Ein geopark formidlar heilheten: der naturen og menneska har forma kvarandre gjennom tidene.

Kva er ein Regionalpark?

Det er kommunane og innbyggjarane sjølve som er parken. Eit regionalparkssamarbeid handlar om å styrkje stoltheita over eigen region, ta vare på det som er særeige, og saman peike ut ein retning for berekraftig utvikling og skape levande lokalsamfunn.

Ofte stilte spørsmål

Her kjem ein tekst angående ofte stilte spørsmål som kjem inn til Fjordkysten Regional- og Geopark

Fjordkystparken er eit samarbeid mellom kommunar, næringsliv og lokalsamfunn for å ta vare på og utvikle natur- og kulturarven i regionen. Parken omfattar Solund, Hyllestad, Askvoll, Fjaler og delar av Sunnfjord. Sjå meir her.

Det er eit internasjonalt kvalitetsstempel som blir gitt til område med særleg viktig geologi. Samstundes handlar det om å bruke natur- og kulturarven til læring, berekraftig utvikling og lokal verdiskaping. Les meir om kva det innebær å vere ein UNESCO Global geopark her.

Du kan oppleve eit variert kystlandskap med øyar, fjordar og fjell, rikt dyreliv, kulturminne og levande kystsamfunn. Her finn du turar, kajakkpadling, guiding og lokale opplevingar året rundt. Gå inn på Visit Fjordkysten og Sunnfjord si side for å lese om alt du kan oppleve og korleis du kjem deg rundt.

Du kan reise med bil, buss og båt. Rutebåtar og postbåt går mellom øyane, og mange opplevingar er også tilgjengelege til fots eller med kajakk. Les meir her.

Ja, det har vi. Ta kontakt med administrasjonen på post@fjordkystparken.no for å få informasjon om kva turar som er tilgjengelege.

Du kan ferdast fritt i naturen, men vis omsyn. Følg allemannsretten, ta med deg søppel, og respekter natur, dyr og folk som bur her. Les om allemannsretten – og plikten her.

Du kan fint utforske mykje på eiga hand, men ved å bruke lokale guidar får du djupare innsikt i naturen, historia og kulturen , og dei tek deg med til stader du elles ikkje ville funne.

Kystlynghei er eit ope kulturlandskap forma av beiting og brenning gjennom fleire tusen år. Det er no ein av dei mest truga naturtypane i Europa og er viktig for biologisk mangfald og lagring av karbon.

Bedrifter, organisasjonar og privatpersonar kan bli partnarar. Som partnar blir du del av eit nettverk som jobbar for berekraftig utvikling og synleggjering av regionen.

Ja, geoparken tilbyr formidling og aktivitetar for born og unge, mellom anna gjennom program som “Ung i park” og undervisning og samarbeid med skulane i medlemskommunane.

Du finn informasjon på nettsida vår og i dei lokale episentra rundt i regionen. Her kan du mellom anna få tips til turar, aktivitetar og opplevingar.