Kva er park?
Fjordkystparken er både ein UNESCO Global Geopark og ein Regionalpark – to anerkjenningar som byggjer på det same: eit langsiktig og forpliktande samarbeid for å ta vare på, utvikle og formidle eit særeige landskap. Fjordkystparken fungerer som ein samarbeidsplattform på tvers av ideelle og kommersielle interesser, og jobbar bottom up saman med lokalbefolkninga.
UNESCO GLOBAL GEOPARK
Kva er ein UNESCO Global Geopark?
Ein UNESCO Global Geopark er eit geografisk avgrensa område med ein særleg geologisk arv – der bergrunnen fortel historia om jorda gjennom millionar av år. UNESCO-statusen er ei internasjonal anerkjenning av at det geologiske mangfaldet er bevart, formidla og integrert i ei berekraftig utvikling.
Men geologi er aldri berre stein. Det er òg kulturlandskapet som har vakse fram av berggrunnen – buplassar, fiskevær, kvernsteinsbrot, ferdselsårer langs kysten. Ein geopark formidlar heilheten: der naturen og menneska har forma kvarandre gjennom tidene.


REGIONALPARK
Kva er ein Regionalpark?
Det er kommunane og innbyggjarane sjølve som er parken. Eit regionalparkssamarbeid handlar om å styrkje stoltheita over eigen region, ta vare på det som er særeige, og saman peike ut ein retning for berekraftig utvikling og skape levande lokalsamfunn.
Historia om
Fjordkysten Regional- og Geopark
Fjordkysten regional- og geopark (Fjordkystparken) skal gje ei drivkraft til læring, berekraftig utvikling og opplevingar innan kultur, natur og geoarv.
Hausten 2021 vart vi godkjende som Norsk Geopark og vart då historiske som Noregs første og einaste kombinerte regional- og geopark. Verken regional- eller geoparkar er særleg kjende i Noreg, men er høgst vanlege i Europa og Asia (geoparkar). Desse park-konsepta skil seg frå nasjonalparkar ved at ein unngår vern, og heller involverer og engasjerer lokalbefolkninga i å ta vare på og utvikle natur- og kulturverdiane som finst i området.
Arbeidsmåten baserer seg på eit nedanfrå-og-opp-konsept, som betyr at parken eigast og styrast av medlemmene og partnarane. Samarbeid er eit viktig nøkkelord, og Fjordkystparken fungerer som ei samarbeidsplattform mellom innbyggjarane, næringsverksemder, frivillige lag og organisasjonar, skulane, musea, universiteta, kommunane og fylkeskommunen.
Den 17. april 2025 fekk Fjordkystparken endeleg det mest ettertrakta kvalitetsstempelet ein reiselivsdestinasjon kan oppnå: UNESCO Global Geopark-status.
Les meir om UNESCO Global Geopark (UGG) her.
I 2019 gjennomførte Norsk Kvernsteinsenter på vegner av HAFS Regionråd ei forstudie av etablering av ein UNESCO Global Geopark i vår region. Les UNESCO GLOBAL GEOPARK i kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund, Gulen og Sunnfjord (Rüttimann Storemyr, 2019) her.
Rapporten presenterer ei grundig analyse av korleis ei realisering av ein slik park i våre kommunar vil skape positive ringverknader i desse kommunane.
Finn partnarar, opplevingar m.m. i Fjordkystparken i det interaktive kartet
Ofte stilte spørsmål
Her kjem ein tekst angående ofte stilte spørsmål som kjem inn til Fjordkysten Regional- og Geopark
Fjordkystparken er eit samarbeid mellom kommunar, næringsliv og lokalsamfunn for å ta vare på og utvikle natur- og kulturarven i regionen. Parken omfattar Solund, Hyllestad, Askvoll, Fjaler og delar av Sunnfjord. Sjå meir her.
Det er eit internasjonalt kvalitetsstempel som blir gitt til område med særleg viktig geologi. Samstundes handlar det om å bruke natur- og kulturarven til læring, berekraftig utvikling og lokal verdiskaping. Les meir om kva det innebær å vere ein UNESCO Global geopark her.
Du kan oppleve eit variert kystlandskap med øyar, fjordar og fjell, rikt dyreliv, kulturminne og levande kystsamfunn. Her finn du turar, kajakkpadling, guiding og lokale opplevingar året rundt. Gå inn på Visit Fjordkysten og Sunnfjord si side for å lese om alt du kan oppleve og korleis du kjem deg rundt.
Du kan reise med bil, buss og båt. Rutebåtar og postbåt går mellom øyane, og mange opplevingar er også tilgjengelege til fots eller med kajakk. Les meir her.
Ja, det har vi. Ta kontakt med administrasjonen på post@fjordkystparken.no for å få informasjon om kva turar som er tilgjengelege.
Du kan ferdast fritt i naturen, men vis omsyn. Følg allemannsretten, ta med deg søppel, og respekter natur, dyr og folk som bur her. Les om allemannsretten – og plikten her.
Du kan fint utforske mykje på eiga hand, men ved å bruke lokale guidar får du djupare innsikt i naturen, historia og kulturen , og dei tek deg med til stader du elles ikkje ville funne.
Kystlynghei er eit ope kulturlandskap forma av beiting og brenning gjennom fleire tusen år. Det er no ein av dei mest truga naturtypane i Europa og er viktig for biologisk mangfald og lagring av karbon.
Bedrifter, organisasjonar og privatpersonar kan bli partnarar. Som partnar blir du del av eit nettverk som jobbar for berekraftig utvikling og synleggjering av regionen.
Ja, geoparken tilbyr formidling og aktivitetar for born og unge, mellom anna gjennom program som “Ung i park” og undervisning og samarbeid med skulane i medlemskommunane.
Du finn informasjon på nettsida vår og i dei lokale episentra rundt i regionen. Her kan du mellom anna få tips til turar, aktivitetar og opplevingar.
Bli med på laget
Engasjer deg i Fjordkystparken
Kommunar, bedrifter, lag, foreiningar og enkeltpersonar – alle kan bidra til å ta vare på og formidle det vi saman er stolte av.
Saman får vi til meir!

