Børekletten er ein avrunda, kuleforma fjelltopp bygd opp av konglomerat. Ved foten ligg bergarten i kontakt med Solund–Stavfjord-ofiolittkomplekset, som representerer gammal havbotnsskorpe. Børekletten er ein av tre liknande høgder som ligg langs grensa til denne gamle havbotnsskorpa.
Under den siste istida vart ofiolitten erodert og danna den karakteristiske strandflata langs kysten. Spor etter bølgjeerosjon kan ein tydeleg sjå i kontaktsona ved foten av Børekletten.
Vel du å gå rundturen, får du flott utsikt over strandflata og mot øyane i sør. Turen er under 1 km lang og passar for dei fleste i familien.


