Langs geologistien mellom Værlandet og Bulandet ligg ein einsleg flyttblokk. Blokka består av grønskifer og kviler på devonkonglomerat.
Den runde og glatte forma viser at steinen har blitt transportert langt av innlandsisen mot slutten av den siste istida. Då isen smelta, vart blokka liggjande att her – langt frå staden der bergarten opphavleg vart danna.


