-

Grimelia
På Staveneset ved Grimelia vart det henta ut hovudsakleg kopar, frå 1700 talet og fram til tidleg på 1900-talet. Det finnes fleire spor i landskapet etter gruvedrifta, mellom anna fleire gruvesjakter og grushaugar. Grushaugane er særs godt synlege, grunna lite vegetasjonen sjølv om de er fleire hundre år gamle. Dette skyldast høgt kopparinnhald i bergartane…
-

Stubseid
Ein einsleg gigantisk flyttblokk som består av konglomerat frå devontida. Blokka vart transportert og avsett av innlandsisen mot slutten av siste istid. Blokka ligg på blandingsbergartane (Melange) tilhøyrande Sunnfjord Melange som i dag dannar dei høge åsane i nord som er synlege over vegen mot Grimelia.
-

Kvitaneset
Lokaliteten viser den opphavelege kontakt mellom sediment frå Høyvik-gruppa og dei mykje eldre prekambriske djupbergartar frå Dalsfjord-suiten. Lokaliteten er av stor vitskapleg interesse fordi han viser dei opphavlege relasjonane mellom ein gamal gneis frå prekambrium og dei mykje yngre sedimentlaga i Høyvik-gruppa.
-

Brurastakken
Brurastakken-området består av sedimentære bergartar frå silurtida, som ligger i kontakt på mye eldre metamorfe sediment frå Høyvik-gruppa. Over desse bergartane ligg dei sedimentære blandingsbergartane i Sunnfjord-mélangen, som vart danna ved skyving av havbotnsbergartar frå Iapetushavet i samband med danninga av Kaledonidane. Laga inneheld særs godt bevarte sedimentære bergartar frå kontinentale til djuphavsmiljø, lokalt med…
-

Tvibyrge/Tviberg
Staden består mellom anna av omdanna basalt og gangar av basalt og gabbro frå den oseanske skorpa. På Tviberg finn ein òg grensa mellom den oseanske skorpa i Solund–Stavfjord-ofiolittkomplekset og Sunnfjord-mélangen. Dette området er viktig for å forstå prosessane knytte til danninga av oseansk skorpe og den påfølgjande skyvinga av denne over ein kontinentalmargin, i…
-

Alden
Toppen av Alden er restar av ein gammal overflate, kjend som ei paleisk overflate, som truleg stammar frå tidleg tertiær alder. Dei som vel å klatre til toppen, blir møtt av ei spektakulær utsikt i alle retningar. Turen opp er relativt bratt, så han passar best for folk som er vane med å gå på…
-

Alden Strandflate
Strandflate er eit geografisk omgrep som er spesifikt for kystlandskapet i Noreg. Det viser til ei låg, flat og ofte vid kystsone eller plattform som strekkjer seg mellom det opne havet og det høgareliggjande indre terrenget. Strandflata på Alden er kjenneteikna av eit relativt flatt, smalt område rundt det høge fjellet på Alden. Hans Reusch,…
-

Dei Gamle gravene på Alden
Åtte gravar frå jernalderen vitnar om øya si tyding, truleg over ein periode på 2000 år. Nokre av gravene er orienterte aust-vest, medan andre er plasserte meir tilfeldig. Dei siste kan tyder på ein alder på førkristen tid. Den siste faste innbyggjaren på Alden flytta i 2017. Øya har uminnelege tider vore eit viktig navigasjonspunkt…
-

Lambholmen
Lambholmen består av sandstein frå devontida, der nokre lag er rike på fossilar. Denne staden er den einaste kjende fossilførande lokaliteten i Solund- og Værlandet/Bulandet-bassenget, og er ein nøkkelstad for datering av devonavleiringane. Øya er eit viktig hekkeområde for fuglar, og tilgangen er derfor avgrensa. Det er forbode med ilandstiging mellom 1. april og 1.…
-

Værlandet kai
Ved ferjekaia på Værlandet ligg det ein laus steinblokk på om lag 1 m³, som vart plassert der under den siste istida. Han består av eklogitt, som kjem frå fastlandet lenger aust. Den næraste kjende eklogittførekomsten ligg i Askvoll kommune, om lag 15 km aust for Værlandet. Eklogitt blir danna under høgt trykk og temperatur,…

