-

Nesje
Ein fin spasertur langs sjøen avslører talrike bergknausar som vitnar om påverknaden frå Nordfjord-Sogn lausrivingssona. På vegen mot Lihesten kjem ein til grensa mellom det amerikanske kontinentet Laurentia og det europeiske Baltica. Med andre ord, ei rest av det amerikanske kontinentet ligg att etter kollisjonen.
-

Risnesnipa
Risnesnipa er ein klassisk fjelltopp i Vest-Noreg, med mange gode bergartsblotningar og vid utsikt over landskapet. Dette er ein av fleire turløyper som går frå mylonittiske bergartar i Lifjord-komplekset, over Nordfjord–Sogn lausrivingssone og vidare opp gjennom dei devonske konglomerata. Frå toppen er utsikta imponerande og gir eit godt overblikk over regionen.
-

Lihesten-Gygrekjeften
Fjellet Lihesten består av devonske konglomerat og er skilt frå dei underliggjande mylonittane av Nordfjord–Sogn lausrivingssone. Gygrekjeften kan nåast via ein sti som går gjennom ei markert sprekk vest for Lihesten. Frå toppen er det flott utsikt over store delar av regionen. På vegen opp kryssar ein lausrivingssona ved foten av dei bratte klippane.
-

Holt Gard
Denne staden inneheld ein svært grovkornet bergart som opphavleg var gabbro. Krystallane av plagioklas og pyroksen kan vere fleire titals centimeter store. Seinare har bergarten blitt omdanna under høgt trykk djupt i jordskorpa, og mange av dei opphavlege minerala har blitt erstatta av granat og omfasitt, mineral som er typiske for eklogitt.
-

Flekke
På geologiske kart ser sentrum av Flekke ut som ein sirkelforma bergstruktur. Bergarten her har opphav i eit svært gammalt gabbrokompleks som vart danna for fleire hundre millionar år sidan. Den opphavlege bergarten var rik på mineralet olivin og vart danna djupt nede i jordskorpa. Seinare har bergarten blitt omdanna gjennom høgt trykk og temperatur.…
-

Loneland
Dette området er eit godt døme på eit glaciofluvialt delta, danna av smeltevatn frå isbreen mot slutten av siste istid. Elvar under og framfor breen førte med seg sand og grus som vart avsett der smeltevatnet rann ut i havet. På denne tida stod havet mykje høgare enn i dag, og Flekkefjorden strekte seg heilt…
-

Dingemoen
Dingemoen er eit isranddelta som vart danna framfor iskanten mot slutten av siste istid. Store smelteelvar under den kontinentale innlandsisen førte med seg sand og grus som vart avsett der elvane møtte havet. Toppen av deltaet ligg om lag 47 meter over havet og markerer det relative havnivået i området på denne tida – den…
-

Stongfjorden
Innerst i Stongfjorden er landskapet karakterisert av fleire flater på forskjellige nivå. Desse trinna er ikkje like tydelege lengre, mellomanna grunna høge tre og hus. Desse trinna er kalla terrassar og er markante spor etter tidlegare havnivå frå slutten av siste istid og fram mot vår tid. Dei vart danna av store breelvar som rann…



