Stongfjorden

Innerst i Stongfjorden er landskapet karakterisert av fleire flater på forskjellige nivå. Desse trinna er ikkje like tydelege lengre, mellomanna grunna høge tre og hus. Desse trinna er kalla terrassar og er markante spor etter tidlegare havnivå frå slutten av siste istid og fram mot vår tid. Dei vart danna av store breelvar som rann ut frå isen og som avsette sand og grus, i fronten av isbreen, i eit delta ved elvemunninga. Tre tydelege terrassar ligg på rundt 40, 29-26, og 12-10 meter over dagens havnivå. Dei representerer tre ulike havnivå etter siste istid, og viser dermed korleis havnivået endra seg grunna den relative landhevinga.