Dette området er eit godt døme på eit glaciofluvialt delta, danna av smeltevatn frå isbreen mot slutten av siste istid. Elvar under og framfor breen førte med seg sand og grus som vart avsett der smeltevatnet rann ut i havet.
På denne tida stod havet mykje høgare enn i dag, og Flekkefjorden strekte seg heilt inn til Harefossen. Den flate toppen av deltaet ligg om lag 37 meter over havet og markerer det tidlegare havnivået i området for rundt 11 700 år sidan, då isen trekte seg tilbake.


