Skippertaket vart i år arrangert for sjette gong, og er eit årleg samarbeidsprosjekt mellom lokale handverkarar, båtbyggjarar og kulturaktørar. Initiativet starta i 2017 for å løfte fram verdien av gamle bygningar og kystkulturminne. Saman med Fjordkystparken, som fungerer som fasilitator, koordinator og bindeledd til grunneigarar og finansieringsordningar, inngjekk dei ein partnarskapsavtale for å dele erfaringar, styrke kompetansen og redde kystkulturminne i fare.
Partnarane i Skippertaket er Jensbua Kystkultursenter, Nedre Jølster Bilelag, Ove Losnegård Snikkar og Båtbyggjar, Norsk Kystkulturakademi AS og Alden Kystlag.
Kvart år set handverkarane av ei helg i juni til å berge ein bygning eller eit anna kulturminne i ein av medlemskommunane. Arbeidet er avbøtande og livsforlengande tiltak som hindrar at konstruksjonar kollapsar eller vert øydelagde før dei kan restaurerast skikkeleg. Behovet er stort. Vi ser med uro at mange naust, sjøbuer og andre kulturminne står i fare for å forfalle og forsvinne for godt, og Skippertaket ønskjer å bidra med nødvendig «fyrstehjelp».
Då Fjordkystparken lyste ut moglegheita for å bli årets vølingsobjekt, kom det inn rekordmange søknader frå eigarar av ulike bygningar med akutt behov for tiltak. Årets val fall på eit grindverksnaust frå slutten av 1800-talet i Kolgrov i Solund,

Det sosiale og læringsrike i prosjektet er viktig for oss, og vi legg stor vekt på å få med både ungdom og lærlingar. I år opplevde vi også ei svært gledeleg utvikling med mange kvinner som søkte om å vere med, blant dei ein masterstudent som tok turen heilt frå Trondheim. Eigaren stod for kost og losji, og alt deltakarane trengte, var handverktøy og arbeidsklede. Resultatet vart ei helg som var både lærerik, sosial og særs triveleg.
Arbeidet i Kolgrov gav solide resultat. Vi kom i mål med alt vi hadde sett oss føre, og det gamle grindenaustet er no redda for framtida. Ny stav, botnramme, sperr og skråband er på plass, og den gamle troa er supplert slik at taket igjen er tett. Det er fantastisk å sjå kor mykje som kan gjerast når fagkunnskap og frivillig innsats går hand i hand!
Tusen takk til alle som deltok og til Kulturminnefondet for viktig støtte. Vi gler oss alt til neste år!
Les meir om Skippertaket