Skippertaket 2025

Vi søkjer "vøleobjekt" til SKIPPERTAKET 2025! Eig du, eller kjenner du nokon som eig eit kystkulturminne som treng førstehjelp? Sidan 2020 har fire av partnarane i Fjordkysten regional- og geopark kvart år redda eit trua kystkulturminne på dugnad, og no er vi klare for eit nytt oppdrag! Skippertaket er eit samarbeid mellom Jensbua Kystkultursenter, Nedre Jølster Bilelag, Norsk Kystkulturakademi, Ove Losnegård Snikkar & båtbyggjar og Fjordkysten regional- og geopark Vi ser med stor uro på at så mange gamle naust, sjøbuer og andre kulturminne forfell og forsvinn, og vil gjerne bidra til livsforlengande omsorg for dei. Handverkerne set av ei helg , vanlegvis i midten av juni, der dei saman med frivillige berger ein bygning eller eit anna kystkulturminne i ein av medlemskommunane våre. Det vert gjort avbøtande og livsforlengande tiltak slik at konstruksjonen ikkje dett ned eller blir øydelagt på anna vis fram til det kan bli sett i stand skikkeleg. Verdien av dugnaden kan tilsvara så mykje som eit heilt månadsverk, utført av dyktige fagfolk. Vi føreset at eigar lagar ein plan for korleis kulturminnet kan leve vidare, og fullførar prosjektet etter at vi har redda det mellombels. Vi kan etter avtale bidra med å skrive søknad om midlar til tiltaket og eventuelle vidare istandsetjing. Eigar står for kost og losji for deltakarane i dugnaden. Det er vanlegvis ein svært sosial og hyggeleg helg ! Er du interessert i at vi skal redde ditt kulturminne? – ALLE kan søkje – ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål Skriv nokre ord og send bilete til post@fjordkystparken.no SØKNADSFRIST : 1. MARS 2025 Send til: Trude Søilen: post@fjordkystparken.no/ Ove Losnegård: post@ovelos
Scroll to Top