Årets JRC vart halde i Casentinesi Nasjonalpark, ikkje så langt frå Firenze i Italia. Parkområde ligg i Toscana og mestedelen av parken utgjer skogkledd natur i den nordlege delen av fjellkjeda Appeninnene, i regionen Toscana i Italia.
Oppgåva til Sebastian og Truls, forutan det å ha det kjekt, var følgjande:
- Representere og presentere Fjordkystparken ovanfor European Federation of Parks, det italienske vertsskapet og dei 15 andre gruppene med ungdomar og mentorar som hadde kome frå kvar sine «hjørne» av 14 ulike nasjonar.
- Bli kjent med og ta til seg kunnskap om korleis andre nasjonar sine ungdomar er involvert og engasjert i sitt lokale Ung i Park arbeid.
- Lære om korleis ein internasjonal Junior Range Camp blir organisert og arrangert, for så å dra denne kunnskapen med seg heim, slik at Fjordkystparken om mogleg kan invitere til neste års JRC i vår park 😊
Dette blei ein heilt fantastisk tur. Eit spanande møte med ein totalt annleis natur og kultur; – herunder matkultur. Og særleg makaronien har brent seg fast, som det kjæraste minnet 😉
Men trass i makaronien, tørre nistepakkar, lange bussturar gjennom skog på skog, harde flatsenger, og eit matstell elles som ikkje var skapt for sultne norske fiskarar, så blei opphaldet på årets JRC eit ganske så uforgløymeleg opphald.
Vi fekk eit møte med ungdomar som brann for sine umistelege naturverdiar; -det vere seg utrydningstruga kaffidyr, firfirslar, hakkespettar og sågar ulvar. Ungdomar som forstod verdet av ein urørt natur, fordi den (for dei) simpelthen ikkje lenger er så lett å finne på sin heimplass. Ungdomar som var stolte over sin buplass, region og sin park, med kvar av sine unike kvalitetar. Og ungdomar med gode kjerneverdiar og som var opptatt av å bidra positivt på campen og alltid vera til hjelp for kvarandre.
Og som mentor vart eg berre mektig stolt.
Stolt over våre ungdomar som med ekte ungdomeleg lidenskap presenterte vår park, og delte raust av all den kunnskapen dei har erverva seg gjennom sitt engasjement i eige lokalmiljø. Og då særleg om geologien, kystlandskapet og villsauane, som jo har vore deira tilknyting til Fjordkystparken og deira lokale arena iUng i Park satsinga.
Stolt av dei mange tilbakemeldingane som kom frå det italienske vertsskapet og mentoranefrå dei andre landa, som berre misunna oss å ha slike ungdomar på lag. Og også stolt over våre unge representantar sine sosiale eigenskapar. Inkluderande og venlege mot alle, eit tydeleg ja! når oppgåver skulle fordelast og / eller når det skulle takast «ein for laget». Artig var det også å oppleve dei briljere med både sin engelskkunnskap og sitt høge nivå på volleyball.
Etter å ha fått eit glimt av våre rolluper og filmsnuttar, fått kjent på det mjuke villsauskinnet og smakt litt på vårt djupe mørkeraude fenalår, var det tydeleg at mange fekk ekstra lyst å treffe Sebastian og Truls på deira eiga heimebana.
Som avskjedsgåve gav Sebastian og Truls like godt vårt medbrakte villsauskinn til Andrea, direktøren for den Italienske parken. Deretter inviterte dei både han og Jessica, som er leiar for European Federation of Parks, til neste års JRC i Fjordkystparken.
Jessica er no i dialog med Trude om nettopp dette og Sparebankstiftinga Fjaler har allereie løyvd midlar til medfinansieringa, om så skulle bli avgjort.
Og våre ungdomar, så vel som mentoren, er ikkje sein å be og / eller å dele erfaringane frå årets camp om det trengs litt spisskompetanse på JRC 😊
Under følgjer ein biletkavalkade frå JRC 2025.

























