På Steinsundøyna, både langs vegen og ute i terrenget, kan du legge merke til store steinar – ofte fleire titals kubikkmeter store. Dei ligg spreidd i landskapet, men dannar likevel eit tydeleg belte som er om lag 1–2 km breitt og nesten 15 km langt, orientert nord–sør.
Desse steinane markerer den vestlegaste utbreiinga av den yngre Dryas-morena i Noreg. Morena vart avsett mot slutten av siste istid, for om lag 12 500–11 600 år sidan, då brefronten stod stille her ei tid.
På den tida låg havnivået rundt 25 meter høgare enn i dag. Bølgjer og havstraumar har derfor truleg vaska bort mykje av det finare materialet i morena, som sand og grus, og etterlate dei største steinane som vi ser i landskapet i dag.


