skjermbilde 2026 03 20 kl. 14.55.57

Junior Ranger – Internasjonal ungdomscamp til Fjordkystparken!

skjermbilde 2026 03 20 kl. 12.26.07

Vi er stolte over å kunne dele ei skikkeleg gladnyheit: Fjordkystparken skal vere vertskap for den internasjonale Junior Ranger Camp 2026!  Her vil ungdom frå heile Europa samlast for å lære, dele erfaringar og utforske samanhengen mellom landskap, natur og kultur.
Campen blir arrangert i tett samarbeid med ein av våre lokale partnarar i Fjaler ; United World College (UWC), og den er hovudsakleg finansiert av Sparebankstiftinga Fjaler ,- noko vi er svært takksame for. Europarc Federation og Norske Parker er også samarbeidspartnere som bidreg med faglige og administrative ressursar inn i arbeidet.
Gjennom ei veke vil ungdommane få oppleve landskapet vårt på nært hald, med eit variert program som tek dei med rundt i heile regionen. Her får dei utforske natur- og kulturarven vår, samstundes som dei utvekslar kunnskap og perspektiv på tvers av landegrenser.
Vi er også glade for at ungdomskoordinatoren i Norske Parker, Anna Kuvbasniuk, kjem til campen. Ho har tidlegare arbeidd som ungdomskoordinator i UNESCO sitt Man and the Biosphere-program, og vil bidra med viktig kompetanse knytt til ungdom, berekraft og internasjonalt samarbeid. I programmet vil ho òg løfte temaet fred, og sjå dette i samanheng med naturen som ein arena for forståing, dialog og fellesskap på tvers av kulturar og landegrenser
Dette er ei unik moglegheit til å setje Fjordkystparken og regionen vår på det europeiske kartet, og til å gi unge menneske meningsfulle opplevingar og innsikt som dei tek med seg vidare i livet. Les meir om campen på Europarc sine sider :  https://www.europarc.org/wp-content/uploads/2026/03/IJRC-2026-Brochure-1-compressed.pdf