Eit sentralt mål for ein UNESCO Global Geopark er å gjere geologien i området kjend og forståeleg for dei som bur her, særleg for barn og unge. Ved å ta geologien i nærområda våre inn i skulen, håpar vi å auke kunnskapen om den spennande historia fjella rundt oss fortel. Samstundes ønskjer vi å bidra til større stoltheit over og sterkare tilknyting til regionen.
Geologi i klasserommet skal skape engasjement og stoltheit
Som ein del av dette arbeidet har vi utvikla eit undervisningsopplegg som vi tilbyr skulane i geoparken. Opplegget har blitt svært godt motteke, og interessa frå skulane har vore stor. Gjennom undervisninga får elevane innsikt i korleis landskapet har blitt forma gjennom millionar av år, kva spor historia har etterlate i berggrunnen, og kvifor området vårt er så spesielt at det har fått status som UNESCO Global Geopark.
I løpet av våren skal vi mellom anna besøke Atløy skule og Bulandet skule i Askvoll kommune, samt Dale vidaregåande skule i Fjaler. På sikt vil alle skulane i geoparken få tilbod om det same opplegget. Her vil elevane få oppleve geologien på ein praktisk og engasjerande måte, med mål om å vekkje nysgjerrigheit og interesse for naturen og historia i sitt eige nærområde.


