Episentera i vekst over heile regionen

FjordKystparken har fått stor merksemd for sin særeigne episentermodell, der eit visningssenter vart etablert i kvar medlemskommune
fjordkystparken 4

Fjordkystparken har fått stor merksemd for si særeigne episentermodell, der eit visningssenter vart etablert i kvar medlemskommune, i tett samarbeid med lokale partnarar. Desse episentera fungerer som levande møteplassar og lokale kraftsenter som bind regionen saman, og er ein praktisk modell for sosial, økonomisk og miljømessig berekraft. Målet er å skape utvikling på lokalsamfunna sine eigne premissar, der lokale eldsjeler, næringsliv og frivillige bidreg til aktivitet, engasjement og stoltheit rundt natur- og kulturarven.

I UNESCO-inspektørane sin rapport vart episentermodellen nemnd heile tre gonger, og samarbeidet i Fjordkystparken vart trekt fram som vår største styrke og som ein føregangsmodell for andre UNESCO Geoparkar.

fjordkystparken 3
Episenter i Solund, foto Visit FjordKysten og Sunnfjord

Nytt episenter i 2026

Fjordkystparken har etablert Episenter i fire kommunar, og det femte, som vert i Bygstad sentrum skal opnast i løpet av det neste året. Her vert bygget tilpassa med nye vindauge,  og det vert fleire oppgraderingar før opning. Satsinga er avhengig av at parken sjølv legg inn ressursar i kvart episenter, og i år fekk Fjordkystparken 200 000 kroner i gåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane til vidare utvikling. Vi er svært takksame for den langvarige støtta frå Sparebankstiftinga, og for at Sparebank1 òg bidreg til lokale tiltak. For å styrkje arbeidet ytterlegare har vi tilsett Frøydis Akse som koordinator i 20 % stilling fram til sommaren.


Les meir om tilskotet her

Les meir om episenter prosjektet her