Episenter-prosjektet

Jakta på dei fire første episentera er i gang. Desse besøkssentera skal gje informasjon om parken og vere spreidd i regionen. I eit episenter i Fjordkysten regional- og geopark skal dei lokale attraksjonane og tilboda formidlast, i tillegg skal heile parken presenterast. Kva er parken? Kva kan ein finne i parken? Kva kan ein oppleve i parken?

Episentermøte på Skafferiet Solund
Frå episentermøte på Skafferiet på Hardbakke i Solund. Foto: Alice Hestad Vie

Kvar skal episentera ligge? Vi har hatt møter med grendelag, velforeiningar og relevante næringsverksemder i kvar kommune for å sondere kvar i kommunane det er mest gunstig å etablere eit episenter.

Kontaktperson

Tidsrom

2020-2022

Eit episenter i kvar kommune

Vi er i startfasen av Fjordkysten regional- og geopark og mange avgjersler rundt parken sin struktur skal takast. I forprosjektet vart det avgjort at det skal vere minst eit senter i kvar kommune (Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll). Til desse sentera har vi adoptert uttrykket «episenter».

Eit episenter er vanlegvis den staden på jordoverflata som ligg nærast eit jordskjelv. Vi ser føre oss at desse episentera skal gje grunnlaget for ein vibrerande region der vi freistar befolkninga, skuleklassar og besøkande til å reise frå kommune til kommune for å lære meir om geologien, historia, kulturen og identiteten vår.

På dette viset fordelast turistar litt jamt utover slik at vi unngår oppstuing og «Lofot-tendensar», og vi skapar eit godt grunnlag for næringslivet i heile regionen.

Episenter
Illustrasjon: Alice Hestad Vie

Formidling av parken

I eit episenter i Fjordkysten regional- og geopark skal dei lokale attraksjonane og tilboda formidlast, i tillegg skal heile parken presenterast. Kva er parken? Kva kan ein finne i parken? Kva kan ein oppleve i parken? Tanken er at ein skal kunne besøke episenteret i Hyllestad kommune og finne ut kva som vert tilbode i til dømes Bulandet i Askvoll kommune.

Vi ynskjer at episentera skal innehalde ei utstilling (utandørs eller innandørs), i tillegg til munnleg informasjonsoverføring, eller ved bruk av teknologi eller anna.

I tillegg ynskjer vi å utforme eit felles uttrykk. Det skal vere ein gjennomgåande raud tråd i både utsjånad og formidlingsmetode i alle episentera.

Tilknyting av partnar

Episentera skal vere i tilknyting til ein partnar av parken som kan stå for dagleg drift og vedlikehald. Det er relevant at episentera er bemanna og at partnaren som driftar episenteret har gunstige opningstider.

Vi ynskjer at avgjersla på plasseringane av desse episentera skal gjennomførast på eit så demokratisk vis som mogleg. For at befolkninga i kommunane skal vere med på å påverke dette, har vi i samarbeid med kvar kommune invitert til møter i dei respektive kommunane for å kartlegge dei aktuelle kandidatane. Dei inviterte var grendelag, velforeiningar og relevante næringsverksemder frå heile kommunen.

Frå forprosjektet

I tillegg til å kartlegge kandidatane var dette også ei ypparleg moglegheit til å presentere parken til dei som ikkje har høyrt om den før og kanskje og sanke nye medlem.

Jakob Sande-selskapet er involvert i prosjektet for å «lage ein gjennomføringsplan for etablering av minst fire episenter i Fjordkysten regional- og geopark – eit i kvar kommune». Sandesenteret stilte med representantar i alle møta.

 

Episentermøta

Møta føregjekk i perioden slutten av august til begynnelsen av september. Møta begynte med at vi presenterte Fjordkysten regional- og geopark, vidare litt om episenterprosjektet før alle oppmøtte presenterte seg sjølv og kva dei representerte. Det vart så mat før vi tok til på gruppearbeid. Spørsmåla som vart stilte var:

  • Kva har du å tilby? – her var vi ute etter attraksjonar
  • Kva ressursar kan du tilby? – pengar, personar, lokale?
  • Korleis formidle? – her ønskte vi å få inn kreative idear til metodar å presentere attraksjonane frå spørsmål 1
  • Har du forslag til raud tråd i regionen vår?
Frå episentermøte på Hotel Sognefjord i Leirvik, Hyllestad kommune. Foto: Alice Hestad Vie
Episentermøte på Skafferiet Solund
Frå episentermøte på Skafferiet på Hardbakke, Solund kommune. Foto: Alice Hestad Vie
Episetnermøte på Skafferiet i Solund
Frå episentermøte på Skafferiet på Hardbakke i Solund kommune. Foto: Alice Hestad Vie.

Vi opplevde desse møta som svært nyttige til prosessen vidare. Vi har skapt oss eit inntrykk av kva slags kandidatar som er mest motiverte for eit slikt samarbeid samstundes som vi fekk innblikk i kven som eventuelt kunne tenke seg å utvikle eit episenter på sikt. Det er nemleg ikkje meisla i stein at det berre må vere eit episenter i kvar kommune. Vi ser på det som positivt om det vert etablert fleire informasjons- og besøkssenter i parken enn først planlagt.

Vegen vidare

Vi har i ettertid av møta bedt dei som deltok på møtet om å melde inn om dei er interessert i å stille som kandidat til å verte episenter i sin kommune.

Vidare skal arbeidsgruppa i samråd med Jakob Sande-senter for forteljekunst sjå litt vidare på dei aktuelle kandidatane. Etter kvart ønsker vi å ha eit møte med kvar kandidat som har meldt seg inn. Vi satsar på at i løpet av hausten har vi fått gjennomført ein avtale med fire partnarar som skal vere med å bygge opp dei fire første episentera i Fjordkysten regional- og geopark.

Forprosjektet: https://kvernsteinsparken.files.wordpress.com/2019/10/kvernsteinsparkens-skrifter-5-2019-unesco-global-geopark-hafs-forprosjekt-del-2.pdf

Vis mer Vis mindre
  • I slutten av 2020 var det løyvd pengar frå HAFS Regionråd for å gjennomføre episenterprosjektet.
  • Jakob Sande-selskapet er delvis engasjert i prosessen lage ein gjennomføringsplanfor etablering av minst såkalla episenter i Fjordkysten regional- og geopark – eit i kvar komune.
  • Eit episenter i Fjordkysten regional- og geopark er definert slik: eit attraktivt opplevingsprodukt som kombinerer formidling av parken sin natur- og kulturarv med oppleving og verdiskaping. Episentera skal trekke til seg publikum og stimulere til besøk av andre parktilbod.
  • Alle episentera skal vere kopla til eit eller fleire lokale verksemder som kan dra nytte av det (auka besøk og omsetning).
  • Desse verksemdene må vere villige til å medverke drift av senteret i ettertid (vedlikehald, personale).
  • Episentera skal utviklast i tett samarbeid med næringslivet, kommunane, lokale lag, fagmiljøet for natur- og kulturarv osv.

Jakob Sande - senter for forteljekunst

Sjå også

Sjå også:

Scroll to Top
Scroll to Top