I juli var Fjordkystparken vertskap for den 22. internasjonale EUROPARC Junior Ranger Campen. Dette var første gong den internasjonale campen vart arrangert i Noreg, og det art ei veke fylt med natur, kultur, læring, vennskap og opplevingar, akkurat så vellukka som vi hadde håpa på.
Frå 17. til 24. juli samla vi ungdom og mentorar frå parkar og verneområde frå ulike delar av Europa på UWC Red Cross Nordic i Flekke. Under temaet «Stories Shaped by Sea and Stone – Discovering Who We Are» fekk deltakarane bli kjende med Fjordkystparken gjennom ei innhaldsrik veke både på land og sjø.
EUROPARC sitt Junior Ranger-program handlar om å knyte ungdom tettare til natur- og kulturarven der dei bur, gjennom praktisk læring og aktiv deltaking. Samtidig skal programmet byggje fellesskap og solidaritet mellom ungdom på tvers av landegrenser.
Internasjonalt fellesskap
Gjennom veka fekk ungdommane oppleve korleis natur, , kultur, geologi og menneske heng saman i Fjordkystparken. I løpet av veka besøkte vi heile regionen , og på programmet stod det mellom anna roing av vikingskip i Bygstad, fjelltur, besøk og praktisk arbeid med å rydde vegetasjon og lage lauvkjerr i Kvernsteinsparken, og møte med kystkultur og lokale fiskarar, villsau og kystlynghei. Dei fekk innføring i discgolf og på slutten av veka arrangerte vi «viking olympics».
Ungdommane fekk lære om natur- og kulturforvaltning gjennom å delta sjølve, møte menneska som bur og arbeider her og lære gjennom eigne erfaringar. Nettopp «learning by doing» er ein sentral del av Junior Ranger-programmet.
Kanskje det aller viktigaste skjedde mellom aktivitetane. Ungdom frå ulike land budde saman, åt saman, samarbeidde, presenterte parkane og heimstadene sine for kvarandre, og knytte nye vennskap. Ulike språk og bakgrunnar vart raskt mindre viktige når ein skulle løyse oppgåver saman.
Natur, ungdom og fred
Norske Parker er ein viktig samarbeidspartnar, og ungdomskoordinator Anna Kuvbasniuk deltok gjennom veka og heldt ein eigen workshop om fred, der ungdommane utforska samanhengen mellom natur, dialog, samarbeid og fred.
Når ungdom frå ulike land møtast, lærer kvarandre å kjenne og samarbeider om naturen og landskapet, handlar dette også om å skape forståing på tvers av kulturar og landegrenser. Anna si deltaking var planlagd som ein del av programmet nettopp for å løfte denne samanhengen, og for å kople på UNESCO sine verdiar.
Våre eigne Ung i Park-ungdommar hadde og ei viktig rolle. Dei var med å utvikle programmet med utgangspunkt i eigne erfaringar og deltaking på den internasjonale Junior Ranger Campen i Italia i fjor, og under campen i Fjordkystparken bidrog dei som vertskap og aktivitetsleiarar.
Innslag på Vestlandsrevyen
Campen skapte også merksemd utanfor Fjordkystparken. NRK Vestlandsrevyen vart med oss under leiren, og vi fekk høve til å vise fram både ungdommane, landskapet og tankane bak Junior Ranger-arbeidet til eit stort publikum.
Det var ekstra kjekt å få denne merksemda rundt eit prosjekt der ungdom får vere aktive ambassadørar for naturen, kulturen og internasjonalt samarbeid.
Eit stort samarbeidsprosjekt
Å ta imot ein internasjonal ungdomsleir med deltakarar frå mange land krev mykje planlegging, logistikk og samarbeid. At campen vart så vellukka, skuldast ikkje minst alle dei lokale samarbeidspartnarane våre, som stilte opp med kunnskap, aktivitetar, vertskap og praktisk hjelp.
UWC Red Cross Nordic i Flekke, som er ein av våre mangeårige partnarar, var base for campen og gav oss ei fantastisk ramme rundt den internasjonale veka. EUROPARC Federation bidrog med sin ungdomskoordinator Jessica Micklem-Kolenić , og Norske Parker bidrog med faglege ressursar og ungdomskompetanse. At EUROPARC valde Fjordkystparken som vertskap, gav oss ei unik moglegheit til å vise fram både landskapet vårt og måten vi arbeider saman med lokalsamfunna på.
Campen kunne gjennomførast takka vere økonomisk støtte frå Sparebankstiftinga Fjaler, Solund kommune, Hyllestad kommune, Nordsolund Fiskeriselskap, Hardbakke Villsaulag, Solund Kreativ og Norsk Kystkulturakademi (NKKA). Vi takker så mykje!
Vi vil rette ei stor takk til alle som bidrog -og til alle dei lokale kreftene som tok imot ungdommane og delte kunnskap, historier og erfaringar med dei.
Tusen takk til alle som bidrog!
Dette var første gong den internasjonale Junior Ranger Campen vart arrangert i Noreg. For oss var det eit stort løft, og også ei stadfesting på kva vi kan få til når lokale krefter, ungdom, organisasjonar og internasjonale nettverk arbeider saman.
Alt gjekk strålande, og tilbakemeldingane frå deltakarane var svært gode. Etter ei intens veke reiste ungdommane heim med mange nye inntrykk, erfaringar, kunnskap og vennskap.
For oss sit det òg mykje igjen. Vi har fått nye kontaktar og erfaringar som vi tek med vidare i arbeidet med Ung i Park og Junior Ranger, og ikkje minst har vi fått ei stadfesting av kor mykje som skjer når ungdom får ansvar, tillit og høve til å møtast på tvers av landegrenser.
Takk til alle som var med på å gjere Junior Ranger Camp 2026 til ei veke vi seint vil gløyme!

På Besøk i Episenteret og hos partnarar i Stongfjorden, Askvoll.





