Bli med på “Ung i Park” i Hyllestad!

Er du mellom 12 og 18 år, og likar å vere ute og vere aktiv? Er du interessert i natur, kulturarv og tradisjonshandverk, og ynskjer å bli med på å ta vare på kulturlandskapet og kulturarven vår? Då er "Ung i Park" i Hyllestad prosjektet for deg! Den 8. og 9. oktober startar konseptet «Ung i Park», i Hyllestad, då kan du vere med på arbeid med hest i Indrefjord Gard, arbeid i smia og steinarbeid i Kvernsteinsparken, eller plantefarging av ull i Kvernsteinsparken med Viking Footprints. Dette kan du vere med på desse 2 dagane:

Image 300x195

8. oktober – Indrefjord Gard kl 10:00 til 15:00

Beiting og skjøtsel:

Du får lære om korleis ein kan bruke landskapet vi bur i på ein måte som ikkje øydelegg naturen for framtida. Til dømes skjøtsel, rydding og drift av beite, ferdselsårer og gjerder.

Arbeidshest som ressurs:

Det vert demonstrasjon og mogelegheit for å prøve korleis arbeidshest kan utføre arbeidsoppgåver på ein tradisjonell, berekraftig og skånsam måte. Du vil få sjå korleis hestane kan brukast til å rydde, og transportere materialar og utstyr på ein miljøvennleg måte.

Pro CFekEPyP 1 169x300

 

Oppdagingssferd langs elva:

Bli med på ein spennande tur langs elva, der vi leitar etter spor frå  svunnen tid. Du vil få sjå eit gamalt kvernhus, tufter etter gardssag og andre historiske kulturminne som fortel historia om livet langs elva gjennom tidene.

 

9. oktober – Kvernsteinsparken kl 10:00 til 15:00.

Steinarbeid: Prøv deg som steinhoggar – I Kvernsteinsparken får du lære om korleis folk i Hyllestad har nytta naturlege ressursar tidlegare, korleis ein har forma fjellet og landskapet her gjennom 1000 år. Lær å hogge i granatglimmerskifer med tradisjonelle verktyg med ein ekte steinhoggar.

Arbeid i smia: Prøv deg som smed i ei tradisjonell smie. Her får du lære å varme opp og forme jarn på gamlemåten, saman med ein erfaren læremeister.

Plantefarging av ullgarn: Saueull er naturleg og nyttig, og vi bør verte flinkare til å bruke den!

Prøv plantefarging  av ullgarn – sjå dei flotte fargane ein kan lage av det som veks i naturen!

IMG 20221119 112809 300x196 20240618 162447 1 300x169

 

For aktivitetar med hest, arbeid i smia og plantefarging er det påmelding.

Meld deg på innan 1. oktober til: nks@misf.no  evt kontakt Alexander Rauboti tlf 99259072 eller Frøydis Akse mob 48194998.

 

For aktivitetsdagen i Indrefjord Gard 8. oktober vert det sett opp transport for deltakarar frå Hyllestad.