, ,

Sesongopning i Taklebua

I går var det sesongopning i Taklebua, og dei to første sommarvertane var på plass for å ta imot besøkande. Dei fekk allereie første dagen bryne seg på ei av dei viktigaste oppgåvene sine ; å formidle historia om Solund og landskapet vårt til utanlandske turistar. Ungdomane var godt førebudde og gjorde ein strålande jobb som ambassadørar for både Solund og regionen.

Gjennom sommaren skal dei ønskje gjester velkomne, fortelje om geologien, naturen og kulturen i området, og bidra til å skape liv i episenteret.

Taklebua held ope frå måndag til laurdag mellom kl. 11 og 16. Her kan du mellom anna få kjøpt heimelaga vaflar, kaffi, te og brus, i tillegg til lokale produkt frå fleire av partnarane våre.

Totalt er det ti ungdomar som skal ha sommarjobb ved episenteret denne sommaren. Ordninga er eit resultat av det gode samarbeidet mellom Solund kommune og Fjordkystparken, og vil gje ungdomane verdifull arbeidserfaring samstundes som både fastbuande og tilreisande får ein ope og levande møtestad i sentrum.

For mange av ungdomane er dette den første jobben deira. Gjennom opplæring i vertskapsrolle og formidling får dei arbeidserfaring og auka kunnskap om sitt eige lokalsamfunn, historia og naturen dei er ein del av.

Vi gler oss til å prøve ut konseptet og ønskjer både fastbuande og besøkande hjarteleg velkomne innom!