Denne lokaliteten viser gigantiske blokker av vulkanske bergartar i Devonbassenget. Bergartane er ikkje restar etter ein vulkan som har trengt inn i bassenget. I staden er dei resultatet av eitt eller fleire enorme steinras, ofte kalla Hersvik-raset, som fann stad for om lag 400 millionar år sidan.
Nokre av ras-blokkene er fleire kvadratkilometer store. Ved Skognipa, som ligg om lag 15 minuttars gange frå vegen, kan ein observere den nedre kontakten mellom konglomeratet og ei av ras-blokkene. Ei anna stor ras-blokk utgjer heile Husefjellet.


