Lambholmen består av sandstein frå devontida, der nokre lag er rike på fossilar. Denne staden er den einaste kjende fossilførande lokaliteten i Solund- og Værlandet/Bulandet-bassenget, og er ein nøkkelstad for datering av devonavleiringane. Øya er eit viktig hekkeområde for fuglar, og tilgangen er derfor avgrensa. Det er forbode med ilandstiging mellom 1. april og 1. august. For å komme seg til Lambholmen er ein avhengig av båt


