Ved ferjekaia på Værlandet ligg det ein laus steinblokk på om lag 1 m³, som vart plassert der under den siste istida. Han består av eklogitt, som kjem frå fastlandet lenger aust. Den næraste kjende eklogittførekomsten ligg i Askvoll kommune, om lag 15 km aust for Værlandet. Eklogitt blir danna under høgt trykk og temperatur, tilsvarande ein skorpadjupne på 60-100 km.


