Fem inngangsdører til Fjordkystparken

Fjordkystparken har eit besøksenter i kvar av medlemskommunane. Desse vert kalla episenter, og representerer verdiane til geoparken. Dei er knutepunkt for formidling, oppleving og engasjement, der du finn informasjon, tilrettelagde lokalitetar og menneske som kjenner regionen sin natur og kultur godt. Kvar stad har ulike tema, som er knytt til staden si historie.

Askvoll

Askvoll kommune strekk seg ytst mot havet i Fjordkystparken, der fjord og kyst møtest i eit ope og variert landskap. Særleg står industrihistoria sterkt, Stongfjorden er ein av dei første industristadane i landet, der krafta frå fossane la grunnlaget for utviklinga. Her ligg også Askvoll sitt Episenter, i den gamle Stangfjord Brukskule. 

Hyllestad

Hyllestad er kjend for dei unike kvernsteinsbrota som i mellomalderen forsynte store delar av Norden med kvernsteinar. Her kan du framleis sjå spor etter eit omfattande handverk og ei tidleg industriverksemd som knytte området til eit vidstrekt handelsnettverk. Episenteret i Hyllestad er todelt, med aktivitet både i Kvernsteinsparken og i Prestegarden kulturhus.

Fjaler

Dalsfjorden i Fjaler ber tydelege spor etter istida si kraft og dei geologiske prosessane som har forma Vestlandet. Her møter storslått natur eit rikt kulturliv og levande lokalsamfunn. Fjaler er òg kjend for si sterke forteljartradisjon, der historie, språk og kunst spelar ei viktig rolle. Saman gjer dette kommunen til eit viktig knutepunkt i geoparken, der natur, kultur og menneske møtest.

Solund

Solund er Noregs vestlegaste kommune og eit ope øyrike som består av meir enn 1700 øyar, holmar og skjer. Her møter den mektige Sognefjorden den tøffe Nordsjøen, i eit landskap forma av menneske gjennom generasjonar. Kystkulturen står sterkt, og livet er tett knytt til sjøen , både som ferdselsveg, ressurs og livsgrunnlag. Solund er slik ein sentral del av identiteten og opplevingane i Fjordkystparken. 

Sunnfjord

I Sunnfjord, ved dei indre delane av Dalsfjorden, ligg Bygstad – omkransa av mektig natur og høge fjell. Her ragar Storehesten som eit markant landemerke, og landskapet ber tydelege spor etter både naturkrefter og historie – med tradisjonar heilt tilbake til vikingtida. Kombinasjonen av storslått natur og rik kulturhistorie gjer denne delen av Sunnfjord til ein viktig inngang til geoparken.

Episenteret er under etablering, meir info kjem snart.