EPISENTER
Askvoll
Episenteret i Askvoll ligg i Stongfjorden, i den gamle brukskulen som vart bygga i samband med den tidlege industriverksemda. Episenteret formidlar samspelet mellom geologi, industri og lokalsamfunn ,og gir eit unikt innblikk i historia til Askvoll. Hovudpartnar er Sunnfjord Geocenter.

OM EPISENTERET
Episenter Askvoll – Stangfjorden Bruksskule
Episenteret i Askvoll held til i den tidlegare Stangfjorden Bruksskule, eit historisk bygg reist av British Aluminium Company i 1918. Etter at Askvoll kommune selde skulebygget til Stongfjorden Bruksskule AS for ei symbolsk krone, har ei gruppe lokale eldsjeler gått saman om å gje bygget nytt liv som møteplass, kulturarena og episenter for natur-, geologi- og industrihistoria i Askvoll. Det lokale initiativet har fått brei støtte frå bygdefolk, næringsliv og frivillige.
Målet er å skape ein levande møteplass som kombinerer formidling, kultur, næringsutvikling og lokalt engasjement. Sidan oppstarten har frivillige lagt ned fleire hundre dugnadstimar for å setje bygget i stand og fylle det med aktivitet.
I tillegg til Episenteret si utstilling om den geologiske historia og kraft- og industrihistoria i Askvoll, er det lokale for musikk og teater, handverk og matproduksjon, møte- og forsamlingslokale, samt kontor- og næringsareal. På sikt er det også planar om krambu med lokale produkt frå heile Fjordkystparken.
Gjennom året er episenteret arena for ei rekkje arrangement, frå litteraturkaféar og matfestivalar til dugnadsfestivalar, kulturarrangement og markeringar av UNESCO-statusen. Samarbeidet med veteranbåten MS Stangfjord opnar også for nye opplevingar, der geologi, industrihistorie og fjordlandskap kan formidlast frå sjøen.
Stongfjorden Bruksskule er eit godt døme på korleis lokalt initiativ, frivillig innsats og samarbeid kan skape ny optimisme og utvikling i eit lokalsamfunn.

Siste nytt
Kva skjer i Askvoll?
Kva kan du gjere
Aktivitetar i Askvoll

Kom nær elementene på Værlandet og Bulandet
Ytst i havgapet, på vakre Værlandet, finn du Havhotellet – eit perfekt utgangspunkt for å oppleve øyriket og den rå, storslåtte naturen lengst vest i Fjordkystparken.
Her kjem du tett på elementa. Havet, vinden, lyset og himmelen er i stadig endring, og kvar dag byr på nye opplevingar.
Frå Havhotellet kan du sykle langs dei smale vegane på Værlandet og Bulandet, ta postbåten vidare til Solund, eller leggje ut på tur til Alden – det ikoniske fjellet som stig rett opp av havet og har vore seglingsmerke for sjøfarande i tusenvis av år.
Dette er staden for deg som ønskjer ro, nærleik til naturen og ekte kystopplevingar. Her, heilt ute der hav møter himmel, ventar eventyret rett utanfor døra

Vandre til Dagsturhytta
Dagsturhytta i Askvoll ligg ved Nyksvatnet i Holmedal, 455 meter over havet. Dette er ein fin tur som passar heile familien.
Følg fv609 frå Førde eller Askvoll til du kjem til Holmedal. Ovanfor kyrkja køyrer du mot fjellet på ein kommunal veg, om lag 1,5 km før du svingar til høgre nye 1 km. No er du på ein parkeringsplass ved vassverket i Holmedal. Det er skilta undervegs
Stien opp til hytta er om lag 2 km og i vanleg tempo brukar du rundt 45 minutt opp. Hytta har solcelle for å få varme og lys i hytta, samt utedo. Frå hytta har du flott utsikt over Dalsfjorden. Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar , ein plass for å ete matpakka si og få litt varme i seg. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker. Det er ikkje lov te å overnatte i hytta

Kulturvandring
Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Kinn og Sunnfjord – dei fem kommunane som utgjer geoparkens kjerneområde.
Kom i kontakt
Kontaktinformasjon

Even Vie
Lokal koordinator for Askvoll episenter og geoparkens kontaktperson i kommunen
E-post: even@sunnfjordgeocenter.no
Telefon: + 47 47 971 98 167
Askvoll Episenter
Aluminiumsvegen 18, 6984 Stongfjorden
Ope : etter avtale
Sosiale medium
Følg oss for oppdateringar om aktivitetar, arrangement og nyhende frå episenteret og kommunen.
Bilete frå episenteret
Galleri
PLANLEGG BESØKET DITT
Kom til Askvoll og opplev det sjølv
Episenteret tek imot skuleklassar, reiseselskap og enkeltreisande. Ta kontakt med oss for å planlegge eit tilrettelagt besøk.

