EPISENTER
Fjaler
I Dale, omgitt av fjell, fjord, fossar og levande bygder, ligg episenter Fjaler. Her står forteljingane i fokus , og gjennom Jakob Sande-senteret for forteljekunst formidlar vi saman historiene om regionen vår

OM EPISENTERET
Der forteljingane lever
Det er Jakob Sande senter for Forteljekunst som driver episenter i Fjaler. Det ligg i Dale , og forvaltar arven etter Jakob Sande i Klokkargarden.
Jakob Sande -senter for forteljekunst, skal bidra til at fleire får eigarskap til nynorsk språk og kultur, og jobbar for at folk på tvers av bakgrunnar og generasjonar skal finne fram til sitt språk og uttrykk. Senteret forvaltar ein vesentleg del av den immaterielle kulturarven i Noreg.

Siste nytt
Kva skjer i Fjaler?
Kva kan du gjere
Aktivitetar i Fjaler

Leonards Forlaavelse – smakar, historier og personleg vertskap
Når du besøker Fjaler, bør du unne deg ein tur til Leonards Forlaavelse. Her ventar ei heilt spesiell oppleving, der fantastisk mat, personleg vertskap og vakre omgjevnader ved Dalsfjorden går hand i hand.
Leonards Forlaavelse er ein høgkvalitets småskalaspisestad med fokus på lokalmat, handverk og gode smakar. På menyen finn du eit rikt utval av ostar og lokalproduserte råvarer, og i gardsutsalet kan du kjøpe låvebakst, lokalmat og andre freistande produkt frå regionen. Her finn du også interiørbutikk og ei spennande avdeling med brukt og antikvitetar.
Leonards Forlaavelse er også ein av initiativtakarane bak .

Utforsk vakre Dalsfjorden
Laukelandsfossen er eit kjent fossefall i Dalsfjorden like ved Dale i Fjaler. Fossen er eit imponerande syn med eit fall på 135 meter og opp til 100 meter breidde.
Det er fleire utsiktpunkt til Laukelandsfossen langs Dalsfjorden. Ein kan mellom anna sjå Laukelandsfossen frå Dalsfjordbrua. På nordsida av Dalsfjordbrua er det ein parkeringsplass med god utsikt til fossen. Her er også startpunkt for fleire turløyper i Fossedalen. Ei av turløypene går langs fjorden, med flott utsikt til fossen undervegs.
Har du båt eller kajakk, kan du ta turen heilt bort til fossen. Det er også mogleg å bade i ein kulp like under fossen!

Teaterfestivalen i Fjaler
Teaterfestivalen i Fjaler vart etablert i 2013, av scenekunstnarane Torkil Sandsund og Miriam Prestøy Lie, i samarbeid med produsent Ingrid Hansen. Festivalen har gått av stabelen kvart år i september sidan.
I tillegg til festivalteamet er det kvart år med meir enn 150 frivillige. Teaterfestivalen i Fjaler er eit omfattande samarbeid der store deler av bygda er engasjert.
Teaterfestivalen går av stabelen 10.-13. september 2026
Kom i kontakt
Kontaktinformasjon

Tora Hope
Lokal koordinator for Fjaler episenter og Fjordkystparken sin kontaktperson i kommunen
E-post tora@jakobsande.no
Telefon 913 42 352
Fjaler Episenter
Jakob Sande Senter for Forteljekunst,
Nikka Vonens veg 33
6963 Dale i Sunnfjord
Opningstidar sommersesong: tysdag–sundag 11–16
Elles etter avtale
Sosiale medium
Følg oss for oppdateringar om aktivitetar, arrangement og nyhende frå episenteret og kommunen.
Bilete frå episenteret
Galleri




PLANLEGG BESØKET DITT
Kom til Fjaler og opplev det sjølv
Episenteret tek imot skuleklassar, reiseselskap og enkeltreisande. Ta kontakt med oss for å planlegge eit tilrettelagt besøk.


