Fjaler

I Dale, omgitt av fjell, fjord, fossar og levande bygder, ligg episenter Fjaler. Her står forteljingane i fokus , og gjennom Jakob Sande-senteret for forteljekunst formidlar vi saman historiene om regionen vår

Der forteljingane lever

Det er Jakob Sande senter for Forteljekunst som driver episenter i Fjaler. Det ligg i Dale , og forvaltar arven etter Jakob Sande i Klokkargarden.


Jakob Sande -senter for forteljekunst skal bidra til at fleire får eigarskap til nynorsk språk og kultur, og jobbar for at folk på tvers av bakgrunnar og generasjonar skal finne fram til sitt språk og uttrykk. Senteret forvaltar ein vesentleg del av den immaterielle kulturarven i Noreg.