Vi har vunne nasjonal Fremtidspris for kommunene

Saman med kommunane Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll har vi vunne 150 000 kroner i KLP (Kommunal landspensjonskasse) sin Fremtidspris for kommunene for parkinitiativet. Den 1. desember vart det klart at Fjordkysten regional- og geopark kom på andre plass i den gjeve kåringa.
Frå Lihesten mot Alden i nordvest. Foto Visit Fjordkysten

-Vi gratulerer kommunene Solund, Askvoll, Fjaler og Hyllestad i Vestland Fylke med andreplassen i KLPs Fremtidspris 2021 for tiltaket «Fjordkystparken, Norges første kombinerte regional- og geopark». Dere får 150 000 kroner til videreutvikling av dette prosjektet, sa programleiar og jurymedlem Heidi Finskas under KLP si direktesending den 1. desember. Under prisutdelinga beskriv KLP at Fjordkystparken har stor overføringsverdi i form av å vise viktigheit av å skape lokalt engasjement, fellesskap og motivasjon til frivillig arbeid.

Dette er ein pris som delast ut av KLP i samarbeid med KS partnerskap for radikal innovasjon. Målet med prisen er å skape engasjement til prosjekt som skapar verdiar og velferd på nye måtar som kjem samfunnet og den enkelte innbyggar til gode. Det var ordførar i Solund kommune Gunn Mongstad som tidlegare i år nominerte kommunane Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll til den gjeve prisen.

Dette var ei gledeleg nyheit som gjev oss ei stor anerkjenning for det arbeidet som er lagt i å bygge opp parken, samstundes svært motiverande til å utvikle parken vidare. Vi i parken blir stolte over lokalsamfunna våre og partnarane som vi har i kommunane våre,

 

 

 

Scroll to Top