Utvikling av kommunikasjonsstrategi for Fjordkystparken

bilde 28

Den regionale episentergruppa skal jobbe med å utforme ein kommunikasjonsstrategi for Fjordkystparken, og det vil i tida framover verte kommunisert ut meir om alt det gode arbeidet som vert gjort i Fjordkystparken og episentra.

Vi ønskjer at det skal vere ein felles raud tråd i kommunikasjonene om korleis vi formidlar parkarbeidet, dei ulike kvalitetane vi har, og verdiane våre. Dette kommunikasjonsarbeidet vil styrke profilen til parken både lokalt og regionalt.

Vi spelar på dei styrkene som parken har gjennom partnerskap i episentra, og kommunikasjonsarbeidet vert difor leia av Episenter Fjaler ved Jakob Sande senter for forteljekunst i Dale. Strategiarbeidet skal ferdigstillast våren 2026.