I sommar prøver Fjordkystparken og Solund kommune ut ei ny ordning med unge sommarvertar i Taklebua på Hardbakke.
Solund kommune har gjennom mange år gitt ungdom høve til å få arbeidserfaring gjennom ulike sommarjobbar. For første gong blir no Taklebua; Fjordkystparken sitt episenter i Solund,ein del av denne satsinga. Dermed får ungdomane høve til å kombinere arbeidserfaring med vertskapsrolle og formidling.

Frå 22. juni og fram til skulestart skal Taklebua halde ope kvar dag frå måndag til laurdag mellom klokka 11 og 16. Ungdommane som jobbar der skal vere formidlarar og ambassadørar for Solund og Fjordkystparken. Gjennom sommaren skal dei fortelje om naturen, landskapet, historia og kulturen vår til både fastbuande og tilreisande, i tillegg til selje kaffi, vaflar og produkt frå partnarane i Fjordkystparken, og hjelpe besøkande med informasjon om opplevingar i området.
For å førebu seg til oppgåva skal ungdomane neste veke delta på eit eige kurs i formidling. Kurset blir leia av forteljar og skodespelar Kjetil Solberg Stavenes, som gjennom ulike øvingar, teaterleik og praktiske oppgåver skal hjelpe ungdomane med å bli tryggare i rolla som formidlarar. Kurset er bygd opp etter same lest som kursa Jakob Sande-senteret for forteljekunst pleier å halde for sommarvertane sine. Her får dei lære stemmebruk, kroppsspråk, teknikkar for å handtere nervøsitet og korleis dei kan gjere kunnskapen til sin eigen og fortelje historier på ein levande måte.
Samtidig får ungdomane høve til å lære meir om si eiga natur- og kulturhistorie. Når ein skal formidle noko til andre, lærer ein ofte mest sjølv. Gjennom arbeidet som sommarvertar vil dei få god kjennskap til både geologien, kystkulturen, UNESCO-statusen og dei mange historiene som gjer Solund til ein heilt spesiell stad.

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord
Ordninga gir også verdifull arbeidserfaring. Både kurset og jobben som sommarvert er erfaringar som vil vere nyttige å ta med seg på CVén vidare, enten ein skal søkje jobb eller utdanning.
Tiltaket er gjort mogleg gjennom Bygdevekstprosjektetsom ønskjer å skape aktivitet, trivsel og nye moglegheiter for ungdom i kommunen, og det er Solund kommune som lønner ungdommene.
Vi ser verkeleg fram til å prøve ut ordninga og håpar mange tek turen innom Taklebua i sommar.
Velkomen innom for ein prat, ein kopp kaffi og kanskje ei god historie!


