Ungdom frå heile Europa kjem til Fjordkystparken!

I sommar får Fjordkystparken besøk av ungdom frå heile Europa når den internasjonale Junior Ranger Campen går av stabelen i Fjaler frå den 17.til den 24. juli

30 ungdomar i alderen 14-17 år, saman med mentorar frå fleire europeiske land, er påmelde til leiren. Gjennom ei innhaldsrik veke skal dei bli kjende med naturen og kulturen  vår, og lære korleis vi arbeider med berekraftig forvaltning av landskapa i Fjordkystparken

Junior Ranger-programmet er EUROPARC Federation sitt internasjonale ungdomsprogram for regionalparkar, nasjonalparkar og andre beskytta område i Europa. Programmet skal inspirere ungdom til å bli aktive ambassadørar for natur, kulturarv og berekraftig utvikling, samtidig som det byggjer vennskap og samarbeid på tvers av landegrenser. Den internasjonale Junior Ranger Campen samlar kvart år ungdom frå ulike europeiske land for å lære av kvarandre og utveksle erfaringar frå sine eigne heimområde.

Basen for leiren blir på United World College Red Cross Nordic (UWC) i Fjaler, ein viktig partnar for Fjordkystparken og ein naturleg møteplass for ungdom frå ulike kulturar og land. Her skal deltakarane bu gjennom heile opphaldet, medan dei dagleg reiser ut for å oppleve ulike delar av parkområdet.

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord

Leiren er gjort mogleg gjennom ei raus støtte frå Sparebankstiftinga Fjaler. Dette gjer det mogleg å invitere ungdom frå mange ulike land til Fjordkystparken. Samstundes arbeider vi framleis med å skaffe dei siste midlane som trengst til transport. Målet er å ta deltakarane med rundt i heile parkområdet og besøkje alle kommunane som er ein del av Fjordkystparken.

Takk til Sparebankstiftinga Fjaler.

Gjennom veka skal ungdomane oppleve både natur- og kulturarven vår på nært hald. Dei skal mellom anna lære om kystlynghei og betydningen av beitedyr, utforske geologien i området, padle kano, gå fjellturar og møte lokale eldsjeler som arbeider med å ta vare på landskapet.

Ein av dagane går turen til Kvernsteinsparken i Hyllestad, der ungdomane ikkje berre skal lære om korleis kvernsteinar vart produserte og eksporterte til store delar av Europa i mellomalderen, og korleis dyktige handverkarar la grunnlaget for ei viktig næring allereie i vikingtida, -dei skal også få bidra sjølve.

Her skal dei delta i skjøtsel og rydding av kulturlandskapet saman med lokale partnarar. Mellom anna vil dei få oppleve arbeidshest i bruk gjennom samarbeid med Indrefjord Gard, Slik får deltakarane erfare korleis kulturarv, naturforvaltning og tradisjonelle arbeidsmetodar framleis bidreg til levande landskap i dag.

Eit av innslaga på programmet blir eit innlegg av Anna Kuvbasniuk som er ungdomskoordinator i Norske Parker. Ho vil snakke om samanhengen mellom natur, fred og internasjonalt samarbeid. Eit svært  aktuelt tema i vår tid.

Det som kanskje gjer oss aller mest stolte, er at det er våre eigne Ung i Park-ungdomar som har vore med på å utvikle programmet, basert på sine eigne erfaringar i Ung i park programmet , og deltaking på den internasjonale Junior ranger campen i Italia i fjor.

Dei skal også vere med som vertskap, aktivitetsleiarar og støttespelarar gjennom leirveka. På den måten får dei verdifull erfaring med organisering, vertskapsrolle og internasjonalt samarbeid, samtidig som dei får høve til å vise fram heimstaden sin til ungdom frå resten av Europa.

Leiren gir deltakarane høve til å knyte vennskap på tvers av landegrenser, dele erfaringar og oppdage kor mykje dei har til felles, sjølv om dei kjem frå forskjellige land og kulturer. Og ikkje minst får dei perspektiv på at det finns mange ulike måtar å forvalte landskap, på ein berekraftig måte.

Vi gler oss stort til å ønskje ungdomane velkomne til Fjordkystparken og håpar dei reiser heim med nye vennskap, mye kunnskap og gode minne frå Fjordkystparken.

Forsidebilde: Foto Visit FjordKysten og Sunnfjord