Gjennom praktisk arbeid, tradisjonshandverk og møte med lokale kulturberarar har born og unge fått lære – og sjølve formidle – historia som har forma landskapet og lokalsamfunna våre. Prosjektet vart avslutta i mai, men det gjenstår framleis eit par arbeidsverkstadar; ein i Kvernsteinssenteret der ein nyttar “Hyllestadmodellen” som er basert på handlebåren kunnskap der elevar frå den lokale skulen formidlar sin kompetanse til ein tilreisande skule, og ein læringsverkstad ved Jakob Sande-senteret for forteljekunst i Dale den 23 juni, der vi skal prøve ut ein metode som kombinerar ulike teknikker for å verte ein god formidlar


Tusen takk til alle partnarar, kulturberarar, skular og unge som har bidrege undervegs. Vi gler oss til fortsettinga!