Arbeidsoppgåver for det neste året er blant anna å utarbeide ein parkplan og søke om UNESCO-status av parken. Til dette må det takast ein del avgjersler. Målet med samlinga var å kartlegge kvar vi ønsker å vere om 10 år, kva utfordringar vi har og kvar moglegheiter og “lågthengande frukter” vi har. I tillegg vart det jobba med visjon, mål og strategiar.
Samlinga vart holdt på Skafferiet leilighetshotell. Her er det fine rom og godt møtelokale. Vi var så heldige å få servert Baccalao på kvelden vi kom og hjortegryte til varm lunsj dagen etter. Maten var laga av Frode Kalgraff. Oppsummert kan det seiast at samlinga var svært vellykka der det kom fram mange forskjellege idear og synspunkt som skal takast med vidare i arbeidet om å utarbeide parkplanen.



