Status som Norsk geopark

Norsk komitè for geoparker og geoarv kjem på besøk for å evaluere parken vår! Dette er eit viktig steg i vegen til å verte UNESCO-designert.
Askvoll sentrum Foto: Fjordwelten.de
Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin
Share on email

I oppdrag frå Fjordkysten regional- og geopark har Archaeology & Conservation Services ved Per Storemyr og Franziska Rüttimann Storemyr koordinert og skrive søknad om godkjenning av Fjordkysten regional- og geopark som Norsk Geopark. Eit deloppdrag vart gjeve til Haakon Fossen som er professor ved Univeristetet i Bergen. Han skreiv den faglege grunngjevinga for dei geologiske verdiane. I tillegg har Tom Dybwad og Tore Larsen frå Statsforvaltaren i Vestland tatt føre seg biodiversitet i eit mindre oppdrag.

Fjordwelten.de
Spektakulere Dalfjorden sett frå Fløyen (761 moh.) Foto: Fjordwelten.de.

Søknaden vart sendt inn i mars 2021, og vi har fått svært gode tilbakemeldingar på den. No kjem Norsk komité for geoparker og geoarv på besøk for å gjere siste evalueringane om parken skal få status som Norsk Geopark. Dette er eit viktig steg i vegen mot ein UNESCO-designasjon. Parken må nemleg ha vore fungerande norsk geopark i minst eit år før ein kan søke om UNESCO-status. 

Værlandet Havhotell
Værlandet Havhotell og Alden. Foto: Arne Beck

Den 11. og 12. oktober kjem Kristin Rangnes og Lars Erikstad for å få ei omvisning i parken. Dei skal møte representantar frå kvar kommuneadministrasjon, innom utvalde geologiske hovudlokalitetar og elles møte nokre av partnarane våre. Det blir eit fullspekka 2 dagars-program frå dei blir plukka opp på Bringeland til avreisa mot Bergen frå Krakhella.

Reiserute fro norsk komite for geoparker og geoarv

Scroll to Top