Frå 6. juli til 7. august ønskjer Fjordkystparken velkomen til sommarutstilling med Irén Kleiven, i Taklebua på Hardbakke.
I utstillingsteksten fortel kunstnaren om sitt første møte med Solund for om lag 15 år sidan:
«Hadde eg sett eit vakrare landskap? Å vekse opp så nær (Fjaler), og komme til noko så annleis var eit fantastisk natursjokk.»
Kleiven arbeider til dagleg som kunstterapeut for barn og unge på Haukeland. Ho skildrar korleis både barna sine frie teikningar og naturen langs kysten er viktige inspirasjonskjelder i hennar eige kunstnarlege arbeid.
Praktisk informasjon
Utstilling: 6. juli – 7. august 2026
Stad: Taklebua, Hardbakke, Solund
Opningstider:
- Kvar dag, unnateke søndagar
- Kl. 11.00–16.00
I Taklebua finn du òg ein hyggeleg kafé med kaffi, brus, is og nysteikte,, heimelaga vaflar.
Vi håpar mange tek turen innom utstillinga i løpet av sommaren! – Velkomen


