Sognefjorden – Noregs lengste og djupaste

National Geographic Traveller Magazine har to gongar kåra dei norske fjordane som den beste reisedestinasjonen i verden, og Nærøyfjorden i Sogn, saman med Geirangerfjorden på Sunnmøre, kom inn på UNESCO si verdsarvliste i 2005.

Amund Helland skreiv at «Sognefjordens egentlige navn er Sogn, medens Sogn nu alene bruges om det omgivende landskab, og brugtes saaledes allerede i middelalderen. Navnet er som landskapsnavn hankjønsord og har udentvil været det ogsaa som fjordnavn». Ifølge Leiv Bergum henger navnet «sammen med ordet ‘sug’ som trolig viser til suget eller de vanskelige strømforholdene som skapes når vannet strømmer gjennom fjordmunningen og over terskelen.»

Fjordane er rekna for å vere nokre av dei mest dramatiske og storslåtte landskapa på jorda. Geirangerfjorden på Sunnmøre og Nærøyfjorden i indre Sogn kom på UNESCO si verdsarvliste 14. juli 2005 og omfattar nokre av dei lengste, djupaste, smalaste og vakraste fjordstrekningane vi har. Desse fjordane er nokre av dei mest ettertrakta reisemåla og National Geographic Traveller Magazine har to gonger kåra dei norske fjordane som den beste reisedestinasjonen i verden.

Noreg er ofte kalla ’fjordane sitt land’, noko som er lett å forstå når ein studerer eit kart over Skandinavia. Mange turistar kjem til Noreg for å oppleve det vakre fjordlandskapet, men kor mange veit eigentleg korleis fjordane vart utforma? ‘Fjord’ er eitt av dei få norske orda som vert nytta internasjonalt. Ordet har sitt opphav i tydinga ‘å setje over til den andre breidd’.

Sognefjorden er med sine 205 km frå Sognesjøen i vest til Skjolden inst i Lustrafjorden Noregs lengste fjord og på same tid verdas nest lengste fjord etter Scoresbysund på austkysten av Grønland (350 km). Med sitt største djup på 1303 m, sør for Vadheim, er òg fjorden Noregs djupaste. Her er det i tillegg om lag 200 meter med sediment, så i røynda er fjorden sitt maksimale djup omtrent 1500 m. I munninga av Sognefjorden er det ein grunn terskel der vassdjupet er berre mellom 100 og 200 meter. Den største høgdeskilnaden ved fjellet Bleia (1717 moh.) sørvest for Kaupanger er heile 2640 m. Til samanlikning er Grand Canyon i USA ’berre’ 1600 m djup.

Sognefjorden sitt nedslagsfelt er relativt smalt i den vestlege delen, men aust for Vik og Balestrand vider det seg ut og strekkjer seg nordover til Jostedalsbreen og Breheimen, austover til Vest-Jotunheimen og sørover mot Hallingskarvet. Sognefjorden, særleg den indre delen, er omgjeve av fjellmassiv som i den indre delen er alpine, dvs. dominert av tindar, egger og botnar. Det er berre om lag 12 km frå Skjolden opp til tinderekkja Hurrungane i Vest-Jotunheimen. Fjella i den ytre delen er lågare og meir avrunda. Fleire elver som munnar ut i Sognefjorden byggjer ut delta, til dømes i Gudvangen, Lærdal, Gaupne og Fjærland. Dei inste fjordarmane held fram som dalføre, slik som Fjærland, Sogndalsdalen, Jostedalen, Aurlandsdalen, Lærdalen, Fortunsdalen og Utladalen. Nokre av sidedalane og sidefjordane er ‘hengande’ i høve til hovudfjorden. Dette gjeld til dømes munningen av Fjærlandsfjorden mellom Hella og Dragsvik.

Dagens landskap langs Sognefjorden er eit resultat av bergartsstrukturar, breerosjon under et titals istider, samt skredhendingar både over og under havnivå i isfrie periodar. Ikkje berre er høgdeskilnaden større enn Grand Canyon, fjorden vart òg utforma på under halvparten av tida, 2-3 millionar år. Forskjellen i volum mellom landoverflaten slik den er rekonstruert før istidene byrja og dagens landskap svarar til om lag 96 gonger Mjøsa sitt vassvolum. Dersom ein antar at Sognefjorden har vore dekka av innlandsisar i ein million år i løpet av dei siste 2,6 millionar åra, har den gjennomsnittlege erosjonen vore ca. 0,4 mm i året. Dette er om lag like mykje som er målt under nokre av dagens norske isbrear.

Referanse

Nesje, A. og Whillans, I.M. (1994): Erosion of Sognefjord, western Norway. Geomorphology 9, 33-45.

Scroll to Top