
Skippertaket 2026, Naustet i Skarnagel får nytt liv
Då er vi i gang med årets Skippertak!
Denne gongen har turen gått til vakre Skarnagel i Nord-Solund, der eit gammalt naust får sårt tiltrengd omsorg frå partnarar i Fjordkystparken.
Helga har bydd på nydelege dagar, godt vertskap, god mat og ikkje minst mykje godt arbeid. Skarnagel er ei perle av ein stad, og rammene kunne knapt vore betre for dugnad og kunnskapsdeling.
Så langt har vi teke ned takpannene og sortert dei etter beste evne, samtidig som vi har vøla delar av grind-konstruksjonen som trong reparasjon. Det er skifta ut ein stav, laga nytt stavleie og laska i ei bete. I tillegg har vi gjort klare fleire sperr som skal monterast før vi avsluttar.
Skippertaket handlar ikkje berre om å redde bygningar. Det handlar også om å dele kunnskap, ta vare på tradisjonshandverk og samle folk kring kulturarven vår. Gjennom slike dugnader får gamle bygg nytt liv, samstundes som handverkskunnskap vert vidareført.
Eigarane vil sjølve sørgje for å få taket tett før vinteren kjem. Med arbeidet som no vert lagt ned, satsar vi på at naustet i Skarnagel skal få stå støtt i minst hundre år til.



