Skippertaket er eit samarbeid om bygningsvern mellom Norsk Kystkulturakademi, Ove Losnegård Snikkar & båtbyggjar, Nedre Jølster Bilelag og Fortidsminneforeininga i Sogn og Fjordane. Vi er alle partnarar i Fjordkysten regional- og geopark, og vil gjennom det partnerskapet vere med på å redde trua kulturminne og hjelpe eigarane til å kome igang og kome vidare med å setje kulturminnet i stand. I 2021 var objektet den store og flotte sjøbua i Storaker i Hyllestad. Her er rapporten frå årets skippartak, skriven av Ove Losnegård.
Torsdag 17. juni kl 18 00 samlast ein god gjeng ved sjøbua i Storaker:
Per Magnar Ulvik Eigar
Trude Søilen Norsk Kystkulturakademi
Tom Færøy Norsk Kystkulturakademi
Willem Pranger Norsk Kystkulturakademi
Erlend Gjelsvik Nedre Jølster Bilelag AS
Anders Pihl Nedre Jølster Bilelag AS
Adrian M. Steger Handverkar og student
Øyvind Fiskvik Storakerfamilien
Nils Kr. Storaker Storakerfamilien
Ove Losnegård OL Snikkar & båtbyggjar og Jensbua Kystkultursenter
Erik Solheim Føredragshaldar laurdag

Føremålet med Skippertaket dette året var å sikre og tette sjøbua slik at vi stogga forfallet og siget mot nord og vest, slik at den kan stå til skikkeleg vøling kan kome igang. Meininga var også å dokumentere til ei oppdatering av planen for vøling frå 1999.

Torsdag kveld brukte vi til å rigge oss til, planlegge helga og blir litt kjende med kvarandre.
Fredag morgon kom stillaset med innleigd båt frå Fineo, Sørbøvåg, og det vart sett opp på sørvendt langvegg og ved nordvestre hjørne. Så gjekk vi igang med å tette hola på sørsida av taket. Dette vart gjort med lappskifer, bølgjeblekk og finerplater. Ei av dei store rastehellene på ufsa hadde sige ned, og den vart løfta oppatt på plass og sikra.


Bua har sige ganske mykje mot nord og fram mot sjøen – mot vest. Gavlveggane – særleg den mot aust – har halde att, og langsgåande sviller/dragarar har tildels fått ein kraftig boge.

Nordvestre hjørne hadde sige ein del ned i grunnen – her kappa vi hjørnestaven litt nede og fekk jekka hjørnet opp 11 cm. Vi la under ein bit av ei jernbaneskinne. Så vart dei 4 framstikkande bjelkane som ber svalgangen og vindehuset løfta nokre cm og sett støtter under. I andre høgda sette vi opp 2 stroppar med jekketaljer mellom botnsvilla mot sør og toppsvilla mot nord. Vi prøvde å strekkje her, men diagonalen mellom dragaren på midtsøylerekka og botnsvilla mot sør kom berre inn med 1 cm. Vi hadde berre 1 t talje – det må nok større taljer til her når bygningen ein gong skal rettast oppatt. Her sette vi opp 3 stk 2×8´´støtter mellom toppsvilla i midten og botnsvilla mot nord for å støtte ytterlegare mot sig.

Så byrja vi å dekke inn nordvestre hjørne av veggar og tak. Her hadde vind og veir herja med bølgjeblekk, kledning og lappskifer og det var store råteskader i sperr, hjørnestav, sviller mm. Her vart det lagt på spikerslag og hjørnet vart dekka inn med bølgjeblekk.
Andre og tredje høgda vart rydda og kosta.

Veret vart finare utover dagen, og vi avslutta med herleg fiskesuppe på kaien og gjennomgang av den lange og stolte historia i Storaker ved Nils Kr., Øyvind og Per Magnar.
Laurdag starta med skya veir, men det letta og vart fint utover dagen. Vi heldt fram med tetting av taket mot sør og hjørnet mot nordvest, og med rydding og kosting inne. Det vart også tetta nokre hol i skifertaket mot nord, og nokre plater i kledningen her. Stillaset vart teke ned og lasta på hengar.
Adrian henta ein furustokk frå skogen og viste korleis denne skulle ryast/treast/skantast, og vi fekk prøve ulike økser, både sakseslipte og knivslipte.
Vi avslutta dagen med mat på kaia og Erik sitt føredrag om restaurering.

Sundag vart det nydeleg ver, og vi gjekk på synfaring i skogen for å sjå etter emne til kledningsbord, bjelkar, sperr mm. Vi fann mange fine furuer som er godt eignelege til mange føremål, og Erlend delte sin kunnskap om materialar med oss.

Helga vart avslutta med opprydding, lunsj, frakt av stillas og utstyr og avreise frå Storaker.
Vi må seie oss godt nøgde med resultatet av årets Skippertak. Bua står tryggare og er tettare enn på svært mange år, vi har lagt grunnlaget for ein oppdatert plan for vøling, og fått rydda og reinska opp innvendig. Samstundes har vi lært av kvarandre og frå Adrian, Erik og Erlend.

Hjarteleg takk til alle som var med og gjorde dette til ei minneverdig helg og for at de var med og sikra sjøbua nokre leveår til!
Ove Losnegård