Saman om ny kommunikasjonsstrategi i Fjordkystparken

Engasjement, samarbeid og gode samtalar prega møtet då episenterleiarane i Fjordkystparken samla seg i Stongfjorden. Gjennom ein bottom-up-prosess, der lokale erfaringar, tema og perspektiv står i sentrum, vert det lagt eit solid grunnlag for det vidare strategiske arbeidet.
img 3700

Leiarane for episentra i Fjordkystparken møtast kvar sjette veke, og i dag var vi samla i Stongfjorden hos Even på Sunnfjord Geocenter til eit inspirerande møte der temaet var kommunikasjonsstrategi for parken.

Vi har engasjert Tora Hope frå Jakob Sande-senteret til å utarbeide eit forslag, og det var ein engasjert gjeng som møttest for å gå gjennom hennar skisse i dag. Forslaget til kommunikasjonsstrategi tek omsyn til kompleksiteten som parken representerer, og inneheld gode måtar å kommunisere på, både internt og eksternt. Det kom fram mange gode  innspel og refleksjonar rundt bordet som vi tek med oss vidare i arbeidet.

img 3703 img 3706

Omvisning med Even  i Stangfjorden Brukskule etter møtet