Resultat frå innbyggarundersøkinga

Kommunane, Fjordkysten regional- og geopark og Distriktssenteret vil gjerne sende ein stor takk til alle som tok seg tid til å delta i innbyggarundersøkinga om berekraftig samfunnsutvikling i kommunane Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll!
BADEVIKA i Dale. Foto: Visit FjordKysten

I desse kommunane var det totalt 651 personar som gjennomførte heile undersøkinga, og resultata gir mykje nyttig informasjon om kva innbyggarane meiner er viktig for å skape livskraftige lokalsamfunn i framtida.

Vi vil no arbeide oss gjennom resultata på ulike måtar, og bruke desse i samfunnsutviklingsarbeidet i kommunane, mellom anna å legge til rette for nye, grøne næringar og jobbe for at den økonomiske verdiskapinga blir i distriktskommunane, der naturressursane finnast. Det vil komme meir informasjon om dette etter kvart, men allereie no har vi klar ein første, generell rapport med resultata frå kvar kommune som vi gjerne vil dele:

Solund 

Fjaler

Hyllestad

Askvoll

Vi tek gjerne imot innspel og tankar på post@fjordkystparken.no

Fossedalen. Foto: Visit FjordKysten.

Resultata frå undersøkinga har også stor verdi i Distriktssenteret sitt arbeid med å utvikle kunnskap om korleis distriktskommunar arbeider med berekraftig samfunnsutvikling. Til saman var det over 1500 personar som gjennomførde heile undersøkinga, og under er nokre funn på tvers av dei åtte kommunane som deltok:

  • Motivasjon knytt til berekraft: Undersøkinga viser at rundt 2/3 ynskjer å bidra til ei meir berekraftig utvikling dersom dei ser at deira innsats er til nytte i ein større samanheng.
  • Stadtilhøyrsle: 87 prosent seier at landskapet og naturen i kommunen betyr mykje for deira identitet, 80 prosent er engasjert i utviklinga av sin kommune og 78 prosent ynskjer å bu i kommunen i framtida.
  • Folk er opptekne av landskap og natur. I overkant av 85 prosent er samde i at “vi må ta betre vare på naturen fordi den utgjer livsgrunnlaget vårt” og at “naturen har ein verdi i seg sjølv, og vi har eit etisk ansvar for å ta godt vare på naturen”.
Scroll to Top