Utvikling av Episentra – Fjordkystparken sine lokale knutepunkt

Episentra er kanskje det mest særmerkte grepet i utviklinga av Fjordkysten regional- og geopark. I staden for å samle all aktivitet i eitt stort besøkssenter, har vi valt ein desentralisert modell med eitt episenter i kvar kommune. Slik kan vi løfte fram dei lokale særtrekka, styrkje eksisterande initiativ og skape aktivitet der folk bur.

Kvart episenter har sitt eige tema og si eiga historie, men saman fortel dei historia om landskapet, kulturarven og menneska i Fjordkystparken. Gjennom episentra ønskjer vi å skape møteplassar for formidling, aktivitetar, læring og samarbeid mellom lokalsamfunn, næringsliv, frivillige og besøkjande.

Eit viktig prinsipp i arbeidet er at episentra skal byggje vidare på eksisterande ressursar, og alle episentra lokaliserte i eldre bygningar med historie og identitet. Ved å ta i bruk eksisterande bygg reduserer vi behovet for nybygging, tek vare på kulturarven og skaper nytt liv i viktige møteplassar i lokalsamfunna. Ved å samarbeide med lokale partnarar om drift skapar vi sosial berekraft. 

Utviklinga av episentra er framleis eit arbeid i prosess. Vi arbeider med å skape ein tydelegare felles identitet og ein raud tråd mellom dei ulike sentera gjennom utstillingar, utsmykking, skilting og formidlingsløysingar. Samstundes skal kvart episenter få behalde sitt lokale særpreg og sin eigen karakter.

Eit viktig steg i dette arbeidet har vore utviklinga av eigne kunstnariske kart for kvar kommune. Det er Eva Meier som teiknar karta. 

Episentermodellen har fått merksemd også internasjonalt, og vart løfta fram som eit innovativt grep under UNESCO-evalueringa av geoparken. Modellen gjer det mogleg å skape aktivitet og eigarskap i heile regionen, samstundes som han byggjer på samarbeid mellom mange ulike aktørar.

Arbeidet vidare handlar om å utvikle innhaldet i sentera, styrkje samarbeidet mellom dei og sikre langsiktig finansiering til drift og aktivitet.