The Power of the Place er eit internasjonalt samarbeidsprosjekt som utforskar korleis kunst og kultur kan bidra til å styrkje tilhøyrsle, identitet og berekraftig utvikling i UNESCO-område.
Prosjektet samlar partnarar frå UNESCO Global Geopark, verdsarvområde og biosfæreområde i Noreg, Grønland og Canada. Gjennom kunstnarresidensar, kunnskapsutveksling og samarbeid på tvers av landegrenser ønskjer vi å undersøkje kva rolle staden spelar for menneska som lever der , og korleis kunstnariske prosessar og utenfråblikk kan skape nye perspektiv på landskap, kulturarv og lokalsamfunn.
I Fjordkysten regional- og geopark er prosjektet forankra i samarbeidet mellom geoparken, Jakob Sande-senteret,teaterfestivalen i Fjaler og Preform. Målet er å utvikle eit internasjonalt nettverk for residensopphald i UNESCO-område, der kunstnarar får høve til å fordjupe seg i lokale landskap, historier og samfunn.
Eit viktig prinsipp i prosjektet er at kunstnarane ikkje berre skal vere gjester, men bli ein del av lokalsamfunnet dei besøker. Gjennom møte med lokalsamfunna skal opphalda bidra til kunnskapsdeling, refleksjon og nye forteljingar om stadene vi bur på.
Prosjektet tek utgangspunkt i at landskapet ikkje berre er natur og geologi, men også minner, kultur, identitet og menneskelege erfaringar. Gjennom kunst og kultur ønskjer vi å utforske «krafta i staden» ,det som gjer kvar stad unik, og som skaper tilhøyrsle og engasjement hos menneska som lever der.
The Power of the Place er støtta gjennom NORA (Nordisk Atlantsamarbeid) , og er eit samarbeid mellom partnarar i Noreg, Grønland og Canada.


