Skippertaket vart etablert i 2018 etter ein idé som oppstod i eit møte der fleire av partnarane i Fjordkystparken med interesse for bygningsvern og tradisjonshandverk deltok. Målet var enkelt: Kva om dei ein gong i året samle handverkarar, frivillige og fagmiljø til ein dugnad for å redde eit kulturminne som trong førstehjelp?
Ideen vart raskt omsett til handling gjennom ein partnarskapsavtale mellom handverksbedrifter og Fjordkystparken. Initiativtakarane såg eit behov for å løfte fram kulturminna knytt til kystkulturen, og samtidig skape interesse for tradisjonshandverk og bygningsvern.
Gjennom åra har Skippertaket utvikla seg til mykje meir enn eit restaureringsprosjekt. Dugnaden har blitt ein møteplass der folk med ulik bakgrunn og kompetanse møtest for å arbeide saman, dele erfaringar og lære av kvarandre. Her vert tradisjonshandverk formidla i praksis, og ny kunnskap vert skapt gjennom samarbeid mellom eigarar, frivillige og fagfolk.
I dag er Skippertaket det viktigaste tiltaket vårt for å styrkje interessa for bygningsvern og kystkultur. Når vi restaurerer eit kulturminne, tek vi ikkje berre vare på ein bygning ; vi tek vare på historier, handverkstradisjonar og kunnskap som elles står i fare for å gå tapt. Slik bidreg Skippertaket til å halde kulturarven levande og skape stoltheit og tilhøyrsle til landskapet og historia vår.


