Junior Ranger Camp  i Fjordkystparken 2026  – ungdom, natur og internasjonalt fellesskap

Junior Ranger Camp er ein internasjonal ungdomsleir som samlar unge frå verneområde, nasjonal- og regionalparkar frå heile Europa. Gjennom ei veke med aktivitetar, læring og nye vennskap får deltakarane oppleve natur, kultur og landskap, og sjå om korleis vi i Fjordkystparken forvaltar landskapa våre.

I juli 2026 er Fjordkystparken vertskap for den internasjonale Junior Ranger Campen i samarbeid med EUROPARC Federation og UWC Red Cross Nordic i Fjaler. Ungdom frå fleire europeiske land kjem då til regionen vår for å bli kjende med landskapet, historia og menneska som bur her.

Temaet for leiren er «Stories Shaped by Sea and Stone -Discovering Who We Are». Gjennom opplevingar, praktisk arbeid og møte med lokalsamfunna skal ungdomane utforske korleis landskapet formar både naturen, kulturen og identiteten vår. Dei skal lære om kystlynghei, kystkultur, geologi, friluftsliv og berekraftig bruk av landskapet, men også om korleis menneske gjennom generasjonar har levd i samspel med naturen. I løpet av den veka dei er her skal dei besøke alle kommunane og møte mange av partnarane våre. 

Junior Ranger Camp handlar like mykje om menneske som om natur. Når ungdom frå ulike land møtest, deler erfaringar og lærer av kvarandre, byggjer vi forståing på tvers av språk, kulturar og landegrenser. Slik bidreg leiren til å styrkje både internasjonalt samarbeid og framtidige ambassadørar for natur- og kulturarven vår.

For Fjordkystparken er det ei stor ære å vere vertskap for Junior Ranger Camp 2026 og få vise fram regionen vår til ungdom frå heile Europa.

Junior ranger-campen 2026  er støtta av Sparebankstiftinga Fjaler. 

https://www.europarc.org/events/international-junior-ranger-camp-2026/