Værlandet Havhotell

Værlandet Havhotell vart opna 1.mai 2016. Vi er eit lite hotell med 8 bu-einingar der alle har eit lite kjøkken.

6 av bueiningane har eit eige «rom i rommet» og kan difor oppgraderast til familierom. Fullt utnytta har vi 28 sengeplassar. Det er ikkje restaurant eller felles opphaldsrom hos oss, men vi leverer frukost til hotellrommet.

Hotellet er eigd av Værlandet Havhotell AS. Dette aksjeselskapet består av 23 aksjonærar. Dette er private og bedrifter, hovudsakleg frå Værlandet og Bulandet. Frå og med 2018 har Værlandet Havhotell vore drive i samarbeid med Joker Værlandet. Resepsjonen vår er på Jokerbutikken, og frukost vert laga og levert til gjestane derifrå. I lågsesong vert det òg levert catering av middag frå «Jokerkjøkkenet».

Etter 5-6 år med drift, har vi klart å opparbeide eit godt renommè, og talet gjestar aukar for kvart år.

Kontaktinformasjon

Værlandet Havhotell
Scroll to Top