UWC Red Cross Nordic

UWC Røde Kors Nordisk   er ein utdanningsinstitusjon på videregåande nivå som tilbyr eit intensivt toårig program for ca 200 studentar frå meir enn 90 ulike land. Studentane er alle valt ut for stipend av ein komité i heimlandet sitt, på grunnlag av eigen dugleik og potensiale.  Skulen er ein av 18 UWC skular rundt i verda.

UWC rørsla arbeider for å bruke utdanninga som ein kraft for å sameine folk, nasjonar og kulturar for fred og ein berekraftig utvikling. Utdanninga på UWC Røde Kors Nordisk legg her spesielt vekt på humanitært arbeid, miljøvern og nordisk kultur.  Skulen vart opna i 1995 av HM Dronning Sonja, som er kongelig beskyttar.

Fullført utdanning fører til diplom for Internasjonalt Baccalaureate, som opnar for studier på universitetsnivå over heile verda. Studentane bur på internat i studentbyen på Haugland i Fjaler Kommune.  Skulen har eit eige selskap UWC Connect som tek imot besøkande gjennom, leirskuleopphald, Røde Kors sommarleirar og anna. Skulen er samlokalisert med og samarbeider med Røde Kors Haugland Rehabilteringssenter.

UWC har eit heilskapleg syn på utdanninga. Dei akademiske faga, programmet for ”Creative, Active, Service” og livet på internata er sett på som like viktige i den samla utviklinga for den einskilde studenten. I internata bur studentane saman i rom på fem, satt saman slik at alle skal kome frå ulike land.

Eit overordna mål med skulen sin verksemd er å føre folk saman på tvers av skiljeliner og grenser. Eit ønska mangfald er sett på som ein ressurs i denne prosessen for læring og mogning.

Kontaktinformasjon

Scroll to Top