Tangenes Gard

Tangenes gard ligg på Rånøy i Solund, heilt ytst mot storhavet. Småbruket er ein del av det tradisjonelle kystlandskapet som har forma regionen gjennom generasjonar, og er i dag eit levande døme på korleis gamle driftsformer kan bidra til å ta vare på både natur, kultur og historie.

På garden vert det drive med gammalnorsk sau, ein av dei eldste husdyrrasane vi har i Noreg. Gjennom beiting bidreg dyra til å halde kulturlandskapet i hevd. Garden lå brakk i 50 år, men landskapet vert no restaurert gjennom kontrollert lyngsviing, ei fleire tusen år gamal driftsform som skaper nytt beite, aukar det biologiske mangfaldet og held landskapet ope og levande.

Tangenes gard tilbyr også  guiding og formidling av kystkultur, fiskarbondesamfunnet og samspelet mellom menneske og landskap. 

Som partnar i Fjordkystparken bidreg Tangenes gard til å halde både landskapet, kunnskapen og kulturarven levande.