Sørværet Villsau

Vi, Hilde Buer og Anders Braanaas, bur og trivast ved havet på Værlandet. Sauene våre hentar alt dei treng i kystlyngheia der dei lever fritt og naturleg. Dei beitar ute heile året og tek slik vare på ca. 6000 dekar kystlynghei, m.a Sørværet naturreservat. Drifta er sjølvsagt økologisk og debiosertifisert.

Kystlyngheia er vurdert som kritisk truga naturtype på Rødlista. Dette er ein naturtype som vart skapt av dei første steinalderbøndene for 4-5000 år sidan. kystlyngheia kan ikkje vernast, men må brukast, det vil seie brennast og beitast.

Klimaendringar gjer at vi får meir aggresive brannar i utmark. Når lyngheia vert brent vinterstid og sauen beiter, vert dette landskapet trygt mot brann. Gammalt gras og lyng, einer og kratt kan gje svært aggresive villbrannar.

Når den rødlista kystlyngheia vert skjøtta med vinterbeiting og brenning, vert lyngheia attraktiv for fleire andre artar som heipiplerke, bergirisk og storspove. Stundom kjem orrfuglen også. Saurasen gammalnorsk sau, er vår eldste sauerase og er optimalt tilpassa dette livet langs kysten. Han er godt kledd med tett og varm ull innst og med grovare ull til regnfrakk. Denne “gammaldagse” sauen er skapt for å klare seg gjennom vinteren i lyngheia. Han har ein fantastisk evne til å lagre store mengder feitt til nistepakke.

Det atlantiske klimaet gjer at gras og halvgras har lang sesong og lyngen held same verdi som fôr heile året. Slik finn sauene det dei treng gjennom heile året.

Kjøtet ber preg av livet i lyngheia og er svært finfibra og mørt. Desse dyra har ikkje vore avla for å gje maksimal produksjon og store slakt, men for å vere optimalt tilpassa livet i det fri. Difor er slakta små og smakefulle. Morsauene veg kring 35 kg og lamma slaktar 9-11 kg.

Vi prøver å utnytte alle ressurser og sel både kjøt, spekemat, ull og garn.

  • Sjå vår heimeside http://villsauliv.no
  • Instagram: SørværetVillsau
  • Facebook: Sørværet Villsau
  • Vi leverer på rekoringen.

Kontaktinformasjon

Alden med Snø. Foto: Anders Braanaas.
Alden med Snø. Foto: Anders Braanaas.
Sørværet Villsau
Scroll to Top