Visit FjordKysten og Sunnfjord

Visit FjordKysten og Sunnfjord destinasjonsselskapet for kommunane Solund, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Kinn og Sunnfjord. Deira hovudfunksjon er å gjere ein felles innsats for å byggje merkevara Fjordkysten og Sunnfjord, og for å løfte fram reisemåla på destinasjonen.

Visit FjordKysten og Sunnfjord jobbar aktivt med å styrke medlemer si lønsemd og konkurranseevne. Dette gjer dei gjennom synlegheit på digitale flater, produktutvikling, marknadskampanjar, sosiale medium, innhaldsproduksjon, bearbeiding av internasjonale turoperatørar, presseturar og pressemeldingar, og har eit aktivt marknadssamarbeid med Fjord Norway og Visit Norway. Dei skal i tillegg sikre god og profesjonell vertskapsfunksjon i regionen, og stimulere til kompetanseheving og produktutvikling.

Visit FjordKysten og Sunnfjord arbeider for berekraftig og positiv utvikling til beste for reiselivsnæringa og lokalsamfunna.

Dei har fire faste tilsette. Klikk her for å besøke destinasjon FjordKysten og Sunnfjord si heimeside. Ønskjer du å lese meir om arbeidet til destinasjonsselskapet, kan du klikke deg inn på deira bransjeside her

 

Kontaktinformasjon